Rekkedalsetra og Risesetra.

Vi var sytten stykke som møtte opp på Rekkedal for å gå rundturen på setrane.

Hilde, Johanne, Gry, Linda, Jorunn, Marianne, Kari, Marit, Marit, Haldis, Petra, Ståle, Helga, Bente, Ingebjørg, Monica og Bodil.

002

Vi var heldige med vêret, men dei fleste hadde budd seg på ei regnbye eller to.

Brått kom ein bil susande oppover vegen rett før vi var klare å gå.

003

Det var Marit som rakk oss akkurat, kom frå jobb, hoppa i joggeskona og var klar for tur.

004

Det vart ei lang klynge med folk innover vegen.

Her Marianne, Petra og Johanne i teten.

005

Ei solid jakthytte står ved vegen.

006

Mykje lerk veks det innover langs vegen til Rekkedalsetra.

008

Marianne på ein av stiane som leider nedatt til Lida.

009

Ellers er det mykje granskog etter vegen, men det var lyst og lunt å gå.

010

Her er "pink ladys" ved ledet.

Hilde og Linda.

011

Flokken hadde godt tempo innover vegen, det er slakt og fint å gå på denne sida.

012

Haldis med Aksla i bakgrunnen, vi kom kjapt innover dalen.

013

Under linja er det rydda fritt for skog, innerst kan du skimte Dokter-Mo hytta.

014

Flokken i full fart med Kollefjellet i sikte.

015

Vi måtte teste litt nye vegar men rompa er nok litt for stor til slike tunellar.

018

Hilde, Haldis og Linda passerar same hytta  i godt tempo.

021

Tid for ei lita pause medan vi nyt utsikta både innover dalen og nedover dalen.

022

Siste bakken før vi er inne på Rekkedalsetra.

024

Ved enden av vegen ser vi hytta til Bjarne Rekkedal, no er vi ved setra.

027

Oppstilling ved vakre gråsteinsmurar.

Haldis, Kari, Johanne, Monica, Petra, Linda, Jorunn, Marit, Hilde, Helga, Marianne, Bente, Marit, Ståle, Ingebjørg, Gry og Bodil.

029

Tid for mat og drikke, og ei lita kvild .

028

Vakkert å sjå på fjella innover mot Bjørke.

030

Oppover mot Kollefjellet og heimste Tveradalen.

Bak ser du hytta til Magnusgarden, og Lida-selet.

032

So tok vi vegen over myra, der hoppa vi "elegant"

frå tue til tue for ikkje å bli våte på føtene.

036

Brått var vi framme på Risesetra.

035

Kaldt friskt vatn smakar godt, johanne slukkjer tysten.

038

Så gjekk nedattturen på denne sida av dalen.

Kari, Marit og Bente ned "Orrebakkjen".

040

Ved Dokter-Mo hytta er eit skilt som forsvinn lenger å lenger inni treet etter som åra går.

041

Ståle, Ingebjørg, Marit, Kari og Bente passerer det ny- restaurerte Hoem huset.

042

På gamlestova i Kalvatngarden er tømmeret på veggen verdt å sjå lenge på,

den som viste kor gammalt det kan vere.

043

Frå tunet på Aksla kan vi sjå at det er omtrent snøfritt på Heida,

klar til sesongen for fotturar.

044

Ja her er turen nesten over, vi er komne nedatt til hovudvegen og til Rekkedal.

Dette var ein flott tur, og vêrgudane var på vårt lag også denne gongen.

Takk for laget atter ein gong.

Neste måndag er det tur til Gunnar-råsa og Storenakken.

VEL MØTT.