Det viser seg nemleg at bålet veks for kvart år og blir stadig større.  Innhaldet er også til tider av tvilsom karakter, iallfall med tanke på brenning.

bål4

I 2008 fjerna vi mange års bålrestar og bygde opp ei ny, meir avgrensa bålplass. Dessverre  lukkast vi ikkje å ta kontrollen over plassen. Han vart fort overfylt av hageavfall, store store treflaker og ymse anna som ikkje bør brennast. 

Styret i grendalaget ønskjer ikkje lenger å stå ansvarleg for nedbrenning. Det blir derfor tinga opprydding av restane som ligg att etetr jonsokbrenninga, plassen vil deretter bli grusa og det vil bli satt ut benkar. 

Veka før jonsok kan vi saman bygge opp eit nytt og høveleg stort bål av tørt, trygt brennbart materiale. 

Avfall som ein elles ønskjer å kvitte seg med, må no leverast til VØR

For styret i Sæbø grendalag, 

Hilde Muren