Fotball sesongen 2013 opnar 4. Mai for Sæbø A-lag, borte mot Flø.

Sæbø har i vinter trena inne i gymsalen og på kunstgrasbana i Ørsta når det har vore forhold. I snitt har vi vore 16 mann på dei faste treningane. Maks har vore 22 og minste oppmøte var 10.

Det vi er særskilt glade for i år er at flesteparten av spelarane kjem ifrå Hjørundfjord. Vi har og fått opp ein del spelarar frå gutelaget som allereide har gjort det ganske bra.

Trenarar for i år er: Yngve Frøland og Terje Haugen Øye.

terje og yngveTerje og Yngve var trenarar for 2 år sidan så vi visste på førehand at desse går godt ilag. Begge har ein del utdanning innan idrett frå høgskulen og dei utfyller kvarandre godt.

I tilleg til dei spelarane vi hadde i fjor har vi i år signert 5 nye spelarar for klubben. Desse er:

056Tarald Harstad 22 år frå Oppstryn IL. Tarald går lærarhøgskule i Volda og har allereide trent med Sæbø i 2 år. Tarald er rask og kontringssterk og blir nok å sjå på vingen i år.

070Bjørnar Holen er 19 år og kjem frå Sæbø, men har dei 2 siste åra spelt i Hovdebygda og Volda. Bjørnar er blitt ein erfaren spelar og publikum kan sjå fram til nokre frispark perler frå denne karen.

072Terje Haugen Øye er 25 år og kjem frå Sæbø. I fjor spelte han i Volda der han var ein garantist for mange mål. Terje er i år spelande trenar. Klarer vi andre på laget å fore han med gode ballar så kjem han nok til å score mange mål for Sæbø.

366Mats Riise er 26 år og kjem frå Sæbø. Mats har dei siste åra budd i Oslo og spelt for Ready FK i 3. divisjon. Mats har no flytta tilbake til Ørsta og satsar på å få like mange kampar i Sæbø trøya som faren (Rolf E. Riise ca. 530 kampar). Mats er ein erfaren spelar som er sikker med ballen og les spelet godt. For eit ungt sæbø lag er det godt å ha med spelarar som har så mykje rutine som han.

kristian straumeKristian Straume er 17 år og kjem frå Sæbø. Dei siste åra har Kristian spelt på junior- og gutelaget til Ørsta. Kristian er ein lovande ung spelar. Han har mykje driv framover på bana og kan bli ein av dei store overaskingane på årets Sæbø lag.

Ein spelar frå i fjor har gått til ein annan klubb. Det er Øystein Frøyland som i år prøvar seg i Åmdalen.

Sæbø har hatt god sesong oppkjøyring i år. Varierande treningar med godt opplegg har gjort at oppmøtet har vore stort heile tida. Også på dei frivillige treningane har det vore godt oppmøte. 

I vårsesongen har Sæbø spelt mange treningskampar med varierande resultat. 

1-1 Sæbø - Åmdal

0-5 Sæbø - Hovdebygda

3-0 Sæbø - Hornindal

2-4 Sæbø - Vartdal

0-3 Sæbø - Volda

4-0 Sæbø - Åmdal

2-2 Sæbø - Hornindal, 7-6 etter straffekonkuranse

2-1 Sæbø - Hovdebygda (Dei 2 siste kampane var Hornindalscupen).

Skal ein tolke utifrå denne tabellen så skjerpa Sæbø seg ein del etter kampen mot Volda der vi tapte, men spelte godt. Vikebadet har i år tippa Sæbø på andre plass så det er tydeleg at det er andre som tykkjer vi er eit godt lag.

Kor gode vi er gjenstår å sjå etter årets sesong, men vi skal i allefall love å gjere alt vi kan for at Sæbø vinn så mange kampar som mogleg og at publikum får ei fin stund på Sæbø stadion.

Vi håper at så mange som mogleg tek turen på stadion og er med å heiar Sæbø fram til siger. Det betyr mykje for oss!!