Hjørundfjorddagane 2013

Vi har fått mange bra utstillarar på plass, men vi har plass til fleire. Er du intressert i å stille ut eller selje produkt på Hjørundfjorddagane  1. og 2. juni 2013, så ta kontakt med 99500215 eller 91532852. E-post kan du også sende til eldtver@frisurf.no.

Kjenner du ein kunstnar så tips om Hjørundfjorddagane.

Rune Innselset veit vi har fine akvarellar. Det er mange i Ørsta og Volda som har ein akvarell av Rune Innselst på veggen. Han kjem.
Henrik Koppen er ein ung kunstnar, som eg trur vill falle i smak hjå yngre kunstsamlarar. Han er frå Velsvik i Volda ,men studerer no ved Kunsthøgskulen i Bergen. Han likar å male gudar og gudinner i mange mytologiar( t.d. den norøne) som har ulike roller, og prøver å sette desse inn i ein moderne setting.

Synnøve Nupen frå Ørsta , kjem heilt i frå Tromsø ,for å vere med på Hjørundfjorddagane. I Tromsø har ho eige atelier, og underviser ved to kunstskular. Tresnitt er det ho arbeider mest med, men designer og syr barnekjolar i tillegg. I 2011 fekk ho Norsk Kulturråds Debutstipend.
Tordis Øvrelid Myhre, frå Volda  driv mest med akryl på papir og redskapen er gjerne kniv.
Desse fire utgjer hovudutstillarane på Hjørundfjorddagane 2013. Dei representerer ulike teknikkar og utrykk innen billetkunst.

Eldbjørg Tvergrov