TRE TURAR FØR VI STARTAR PÅ DEI FASTE MÅNDAGSTURANE.

,Helgehornet 049

Som de ser har trimgruppa fått ein flott "link" oppom aktivitetskalenderen, så no kan de lett finne måndagsturane.

I år har vi også planlagt torsdagsturar i skuleferien slik at det skal vere eit godt tilbod til deg som vil vere med på tur. då kan du gå tur både måndag og torsdag i skuleferien.

Før vi startar på måndagsturane har vi tre turar til andre mål i nærområdet.

6 Mai vert det tur til Lidaveten 592 m.o.h.

Denne toppen var eit viktig kommunikasjonsknutepungt den tida vardebrenning var den mest effektive varslinga.( derav namnat vete= varde)

Utsikta mot Ørsta og fjordarmane er storslått.

Vi startar ved bomvegen ved Lid vassverk på Eidheim.

Samkjøyring frå Sæbø kl 1730.

9 Mai vert det tur til Leknesnakken 526 m.o.h.

Lavare fjell finn du ikkje i Hjørundfjorden, men du for ein utsikt.

Ferjetid og oppmøte vert annonsert på portalen når det nermar seg.

13 Mai vert det tur til Hestehornet.

Starten går frå Krøvelssetra men vi samkjøyrer frå Sæbø også denne gongen. 

Følg med på aktivitetskalenderen om oppmøte og avreise.

Husk det er vått i marka somme stadar og endå snøv på endel fjell,

så husk gode sko og vindtette kle.

Vi oppmodar alle som vil til å kome og vere med på ei sosial stund med gratis trim og ha det kjekt på kjøpet.

Den lengste mila er dørstokkmila, turen går lett skal du sjå!

Helsing trimgruppa i Sæbø i.l.