I Møre-Nytt i dag kan vi lese at sommarvêret vert fint, men, diverre, det stemmer ikkje...

Om denne "vêrmeldinga" er like sikker som Vêrvarslinga på Vestlandet, er eg ikkje heilt sikker på, men i fylgje dei som har greie på det, skal vêrvarsling ved hjelp av treslaga eik og ask vere sikre greier.  Ein går ut ifrå kva for eit av dei to tresortane som får grøne lauv.   Og regelen er enkel:

Eik før ask gir plask (dvs. regn/vått).  Ask før eik gir kveik(dvs. varme/sol)

Ute på Sæbøneset, i tunet til Lasse (Lars Johan) Sæbønes, har dei både ei eik og ei ask som nærast står like ved sida av kvarandre.  Fotoet under vart teke 1. pinsedag og som vi ser - eika var grøn, men aska såg det nærast ut som det ikkje var livsteikn på i det heile.  Det var altså eik før ask.

Marit Riise 006 copy Marit Riise 007 copy
Her ser vi at det ikkje finns grønt på aska Mens Eika er grøn og fin

Vi ser her med andre ord at Eilert Hovden og Møre-Nytt har vore i det mest optimistiske laget.  På Sæbøneset er det likevel ingen tvil - eika kom først.  Dermed vert det  plask og våt sommar.  Elles skal vi kanskje la vere å bry oss om denne  vêrmeldinga?