Far og onkel Edvin tok seg ein søndagstur til Risestøylen. Far køyrde og onkel sat i skuffa.
Han hadde nesten alltid med fotoapparatet sitt, heldigvis.
Sledals- Karl var alltid hyggjeleg å prate med. Ei stund etter at me kjøpte traktor selde me merra inn i Sledalen. Eg trur det var gjort då onkel Edvin tok dette biletet. Kanskje var far og Karl i stallen for å sjå til merra då onkel fann dette motivet. Om dette var våren 66, så gjekk det berre knapt 2 år, så var dette historie. ( Merra, som far kjøpte i Bjørdalen, berga livet. Det hadde ho ikkje gjort om ho hadde stått i stallen på Rise. Traktoren på biletet er far sin.
Her er Pål- Ole med vassbytta. Det gamle Årskogselet står endå. Vart seinare nedrive og oppattbygd av Tore J. Årskog. Hole- selet er nyoppbygd. Eg trur dette er eit Edvin Riise foto.
Rognestøylen ved Hoemselet, som også overlevde fonna i 1968. F.v. Johs Bjørdal, Hallkjell Buset, Gunnar Olsborg og Bjerkhagen. Desse karane var kompisar frå Ørsta Stålindustri ilag med Rudolf Hoem som eigde selet. Frå Hallkjell Buset sitt album.
Familien Hoem på sledetur på Rognestøylen ei påske på tidleg 60-tal. Foto Hallkjell Buset.
Dette biletet ved lensmannselet på Risestøylen er langt eldre. Frå midt på 40-talet. f.v. ukjent, Arnhild og Oddfrid frå lensmannsgarden, og Ingeborg Rise frå Simagarden. foto: Bertrand Sveen.
Picnic på Risestøylen tidleg 60-tal. f.v. ser me Solveig Vefall, Johan Slettedal, Johanne Lovise Slettedal, Berta Slettedal, Einar Frøland, Mathias Riise, Tora Frøland. Av dei yngre kjenner ein att Mariann Riise, Anny Riise, Kari Frøland.
Foto Morten Vefall.
Påska 1960? På Risestøylen. f.v. Johan K. Riise (Larsa-Johan), Fredrik Slettedal, Roar Eide, Sigurd Slettedal, Arne Riise, Sverre Osnes, Knut Riise, Olger Dalseth, og Ole L. Riise, (Pål- Ole). foto: Morten Vefall.
Håpar at desse bileta vekkjer minner og kan glede dei yngre også.