I løpet av siste veka

har ein liten dugnadsgjeng fått på plass orienteringsskilta i bua på Brua-parken og dei fem retningsskiltsamlingane i bygda. Berre nokre få skilt oppe i fjellheimen må vente til sommaren og barmark.

 

P1060425

Helge Ramstad og Olav Klokk går laus på å grave hol til det første skiltfundamentet.

Retningsskilta er monterte på solide impregnerte rundstokkar med gjennomgåande rustfrie boltar. Utanom veg til toppturar og trimturar, viser skilta sjåverdige mål, utsiktstader og toalett  nede i bygda.

P1060431

Her er skiltsamlinga på Brua-plassen montert. Nede i bygda er det fem liknande skiltoppsett.

 

P1060441

I Korsvegen er dette arrangementet på plass. Dette er skilt som hjelper gjester som er på bygdevandring.

P1060439

 Frå hovudvegen over Nilsavollen viser dette skiltet veg nedover til Kraftverket og det restaurerte kvernhuset.

Orienteringstavlene

i bua på Brua-parken er oppbygde med foto som har innteikna stiar til fjells og i nærområdet. I tillegg er det tekst med turomtale på norsk, engelsk og tysk. Det er og markering med dei nye graderingssymbola som fortel om vanskegradene.

 

P1060432

På begge sidene av gluggen på bakveggen i bua på Brua-parken er orienteringstavlene monterte. Det er montert indirekte lys som gjer tavlene lett leselege.

Prosjektet er finansiert ved midlar frå GjensidigeStiftelsen og fylkeskommunen. Same opplegget vert følgt for heile Vestlandet. Urke Grendalag fekk tilsagn om 21.000 kr. som dekkjer dei reine materiellkostnadene, medan eigeninnsatsen og dugnadsarbeidet skal dekke samla kostnad på 42.000 kr. Urke Grendalag har samarbeidd med Ålesund og Sunnmøre Turistforening ved  ÅST at dekkjer skilta mot Patchellhytta og Velleseter.

 

P1060435

På venstre side for gluggen er tavlene om toppturane monterte.

 

P1060437

På høgre sida for gluggen er dei to tavlene om nærområdet. Den øvste viser  trimtur 1 og  trimtur 2 framover Urkedalen. Dessverre har ikkje brua over elva kome på plass enno etter mange år med utgreiingar, kommunal prosedyre og "lovnader". Vi vonar dette ordnar seg før sommarsesongen. Om ikkje, må det gjerast endringar i orienteringtavla.

Nedste tavla viser 10 vandringsmål når ein ruslar rundt nede i bygda frå Urke Landhandel til Hurtigrutekaia.

 

Det skal lagast sluttrapport i oktober og der må både økonomi og dugnadsarbeid dokumenterst i tillegg til foto og kart. Det er ingen tvil om at dugnadsinnsatsen kjem til å overstige det som var stipulert. Men viljen til å gjere ein innsats veg tyngre enn å telje dugnadstimar. Hovudsaka er å skape ei triveleg bygd for gjester og dei fastbuande. NRK-Møre og Romsdal følgjer og med kva som skjer i bygdene og dukka opp for å dekke hendinga og snakke med folket i bygda.