Vi reiste innover til Stryn fredags ettermiddag i privatbilar. Det var 9 jenter og 6 mødre og ei syste som vart med på turen.  Alle gledde seg til helga då vi skulle overnatte på hotell og kose oss litt ekstra.

Her kosar dei seg med deilig hotellmat på Hotell Loenfjord. 

IMG_3068 

Desse jentene var med på cupen:

Julie Sæbønes, Madeleine Berg, Ingalena Ville, Maria Norangshol, Ingrid Elise Aklestad, Synne Walseth, Ingeborg Holen og Karoline Dimmen. Hanne Marie Aklestad var ikkje tilstades på dette bildet.

Fredagskvelden sjekka vi inn på cupen i Strynehallen før vi reiste til hotellet i Loen, der slappa vi av og kosa oss før alvoret laurdagsmorgonen.

Fyste kampen var laurdag kl 08.10 mot Fiskarstrand, jentene var flinke og stå opp då vi vekte dei før klokka sju. Vi åt frokost før vi kjaure til hallen og så åt vi frokost ein gong til etterpå før vi hadde neste kamp kl 11.10 mot Vikane. 

IMG_3082

bilde 1

Før neste kamp fekk vi ei lang pause der jentene fekk shoppe og kose seg i det nydelige vårværet vi fekk i Stryn sentrum. 

Tredje kampen for dagen gjekk kl halv fire mot Haram2. 

Vi fekk to seiarar og eit tap på desse tre kampane så jentene var kjempeflinke !!! Vi kom som nr 2 i pulja vår. Det var skikkelig laginnsats og alle jentene jobba bra. 

Mødrene heia og vi var stolte over det jentene våra fekk til. Tidlegare i sesongen har vi hatt samarbeid med Ørsta der vi har fått lånt spelarar i enkelte kampar, no på Stryn klarte vi oss åleine, men var heldige å få låne Madeleine Berg som har hatt pause denne sesongen frå handball. 

Bading på Alexandra.

943594_10151568018986760_682069786_n

Etter tre kampar og full innsats gjorde det veldig godt med boblebad for sliten musklatur både for små og store jenter. Vi kosa oss i to timar i alle slags basseng på Alexandra. Kjempedeilig !

No ville jentene pynte seg å gjere seg klar for buffet på Loenfjord og diskotek i Stryn.

IMG_3096

Julie Sæbønes, Maria Norangshol, Ingeborg Holen, Hanne Marie Aklestad, (Kristianne Berg - syste og supporter), Ingalena Ville, Karoline Dimmen, Synne Walseth, Madeleine Berg og Ingrid Elise Aklestad.

IMG_3098

Mødrene:

Gerd Sofie Langvatn, Wenche Strand, Janine Berg, Ingvild Aambakk (oppmann), Elisabeth Dimmen (trenar) og Anne Aarskog. 

Her er dei klare for diskoteket på Stryn hotell: 

310910_639267879433227_1712674212_n(1)

Søndagen måtte vi også tidleg opp då vi hadde kamp kl 08.10 mot Aksla. Dette var vinn eller forsvinn - Aksla var betre enn oss så no var vi ute av cupen og var heia gjeng. 

Vi sjekka ut frå hotellet og var enige om at det hadde vore ei kjekke helg! Eksemplariske jenter å reise på tur med, berre godord å sei om denne gjengen.

Sæbø jente 12 har hatt ein flott sesong, her eit lagbilde frå tidlegare i år:

lagbilde

jubel

Silje Riise og Elisabeth Aarseth Dimmen har vore trenarar i år, Silje kunne ikkje være med til Stryn grunna russefeiring. 

No tek jentene ferie frå handball og er klare for fotballsesongen, så håpar vi at kondisen blir haldt ved like til handballsesongen startar til hausten - då med  samarbeid med Åmdal. 

Elisabeth Aarseth Dimmen og Gerd Sofie Aa. Langvatn