Eg veit ikkje -

og har heller ikkje spurt - om det var pinsebrisingen som brann eller om det er innført svedjebruk på Stenes no etter at geitene er borte. Pinseaftan brann det eit stort område frå bøen nede på den ytste av Stenes-gardane og oppover lia i den felles utmarka, heilt opp til bergfoten. Mot midnatt sløkte nattedogga det heile då brenntilfanget vart fuktig. Svartestilla på fjorden viste at vindmålaren sto på null.

Lyngbrann Stenes 1

I femtida på ettermiddagen har lyng- og grasbrannen nådd halvvegs opp i lia.

 

Så kan ein berre reflektere -

over kva som skjer på Stenes - og i heile Hjørundfjordområdet - når jordbruk og dyrehalet -særleg småfe (geit og sau)- vert avvikla.  Når bøar og lier gror att og vert dekt av skog i løpet av nokre få tiår. Når folk ikkje lenger får importere mat frå andre land og landet vårt må dyrke sin eigen mat for ikkje å svelte.Då må kanskje landet dyrkast på nytt ved å innføre den gamle tradisjonen med svedjebruk.

 

Denne gongen-

gjekk det i alle fall fint med gras- og lyngbrannen på Stenes. Eg tippar at det starta som ei avsviing av beitemarka nede på bøen, men ein undervurderte kor tørt og varmt det var denne dagen. Dermed kom brannen ut av kontroll og det gjekk som det gjekk - utan særleg stor skade.

Så kan ein berre innbille seg kva som hadde skjedd om det dukka opp ein frisk bris frå søraust eller frå nordvest.

Når regnet kjem tysdag, vil den svartbrende bota forsvinne og grøne grasspirar og nyskoten lyng dukkar opp.

 

Nokre ord om svedjebruk-

Dette er ein gammal dyrkingsmåte i skogsområde der ein brende skogen først - d.v.s. å svi av (svedje) og derettter rydde jorda på det brende området. Så sådde ein toårs-rug som voks godt i oskefylt jord. Småfe kunne ete toppen av spirane første sommaren. Rugen skaut opp med aks neste sommar og om hausten kunne ein hauste fullmoden rug.

Og litt om pinsebrising

som ei dame som kallar seg "besta" skriv om på bloggen sin. Ho må ha tilknytning til Starevegen i Ørsta eller Risetunet på Sæbø.

Ho skriv om saka:

"Her i Ørsta har dei frå gammalt av ein skikk som var ukjend for meg då eg kom hit, nemlig å brenne pinsebrising (bål). Lensmann Riise(far til Arill) som var naboen vår nokre år, lærte meg at pinsebrisingen skulle loge, mens jonsokbrisingen skulle ryke.No trur eg dei fleste nøyer seg med å grille, anten det er pinse eller jonsok."

 

Ei fantastisk pinsehelg

går mot slutten. Eg var på Urke høgste pinsa og hjelpte son vår Are og familien som står framfor hyttebygging på Hjellane. Vi tok sluttryddinga på tomta frå middag pinseaftan og det var ikkje ei grad under 30 før vi vart ferdige i 17-tida. Vi køyrde skat og busker ned til jonsokbrisingen innom kaia. Derfrå såg vi innover mot Bøvika der det låg så tett med folk at det minte om utlagt klippfisk - for å overdrive ein del.