Leknesnakken 526 m.o.h.
Gunn, Hilde, Ann Helene, Helga og Bodil reiste på fem ferga, målet var Leknesnakken.
Bodil, Gunn, Hilde og Helga ved fergekaia, klar til tur.
Rett oppom tuna er utsikta utover fjorden flott.
Mykje fotografering på turen, her er det Slogen som vert foreviga av Hilde.
Vi hadde forhøyrt oss litt om vegen opp, då vi valgde å gå etter ryggen og ikkje via Leknesdalen. vi fekk gode råd og fann fram .
Litt tips om valg av trasê hadde vi fått, så vi gav oss god tid for å finne ei rås.
Somme stadar var ho tydeleg, her går Gunn etter råsa langs ein hammar.
So måtte vi stoppe ofte å ta bilde for det er flott utsikt heile vegen opp.
Bratt vert til brattare og plutselig var Lekneset laaaangt nede.
Store trauste furutred stod traust og godt i den steinete bratta.
Nokre tred måtte ha gitt tapt kansje for "Dagmar" og var fine kulisser til fotografering
Ettekvartså vi kom opp i høgda vart vi meir og meir forbina over utsikta, vêret var varmt og det var vindstille. Tenk kor heldige me e.
Eit fotoshoot med Stålberghornet i bakgrunnen.
Litt "klyving" vart det nok mot kanten av høgda, men der var gode tak så det gjekk greit.
Då vi kom over kanten på høgda stod vi og såg mot Sæbø og lytta til korpsmusikk, vakkert og ei litt uvanleg oppleving.
Her sto ein gong ei hytte som sikkert har sett betre dagar, nokon som veit meir om denne hytta?
Litt snøv når vi var nesten oppe, men ellers var råsa stort sett snøvfri.
Fellesbilde på toppen, Gunn, Helga, Hilde, Ann Helene og Bodil.
Helga og Bodil i djup konsentrasjon for å få Rise inn i hjertet, traff nesten.
Litt jubelbilde før vi går nedatt same veg som vi kom, i allefall nesten.
Då vi kom nedatt hadde vi nesten ein og ein halv time til ferga, så då gjekk vi på hagevandring.
På Lekneset banka vi på døra til den øverste hytta for å spørje om vi kunne få lov å gå på hagevandring. Det fekk vi, Laura og Knut Molvær var svært så gjestfrie så Laura kom å gaida oss rundt i hagen.
Blåveis og kvitveis i sjønn forening, mykje blomstra og våren var komen minst to veker lenger her enn på Sæbø. Utruleg mykje vakkert steinarbeid, og flotte blomstrar.
Tusen takk for ei flott hagevandring.
Ja dette var ein flott tur, mange fleire skulle vore med.
Vi vil anbefale turen på det varmaste, fantastisk panoramautsikt.
Måndag hadde vi tenkt å gå på Hestehornet, dette ser ut til å vere litt vel optimistisk, så truleg går vi på Melssetra i staden, sjekk aktivitetskalenderen på søndag kveld då skal vi ha planen klar.
Takk for laget.
Vel møtt til neste tur.
Trimgruppa i s.i.l.
Kommentarar
Lim lenka inn i nettlesaren.