Nilsbuda held ope kvar laurdag og søndag i mai, juni og august. I juli vert det ope kvar dag. Kl. 11.00 - 16.00.

Nilsbuda sel lokalprodusert kunst og handverk. Flotte produkt som er kjekke å gi vekk i gåver (julegåvehandel er mykje kjekkare i juni enn i desember, berre prøv), ting du har god bruk for og saker du ikkje treng, men rett og slett berre MÅ ha.

Dei har og ei eiga Facebook-side: https://www.facebook.com/Nilsbuda?fref=ts 

Nilsbuda 082

På Nilsbuda kan du gå lenge og finne nye, flotte skattar for kvar runde du tar mellom hyllene.

Nilsbuda 083

Handlaga dørmatter av bjørkeris

Nilsbuda 052 

Kostar med frisk dekor

Nilsbuda 049

Bilete av ull

Nilsbuda 076

Keramikk og fotografi

Nilsbuda 070

Barnehuer - små kunstverk

Nilsbuda 084

 Heimelaga flatbrød og Flate bitar med havsalt

Nilsbuda 014

 Bakepensel

 Nilsbuda 012

Lys frå Hamna dagsenter. Nilsbuda sel og golvtepper, kleklyper og tennbrikettar fra Hamna.

Nilsbuda 049

Nydelege sitteunderlag av sauefell, englar og hekser.

Ellers finn du strikka huer, votter, lestar og sjal. Glaspynt, glasfat og glassmykker. Kjolar til barn og vaksne. Babytepper og babyplagg av ull. Keramikkservise og keramikkfigurar. Hekla grytekluter og nostalgiske dodokker. Strikka kjøkkenklutar og hekla lyslykter. Velkomsthøner, vinhøner og ølvotter. Treskilt med gode ord, handlaga kort og bordløperar i quilte-teknikk. Og mykje, mykje meir...

Ølvotter

Om temperaturen tillet det kan du sitte ute og nyte nysteikte sveler og kaffi med utsikt mot verdas vakraste Hjørundfjord.

Nilsbuda 046

Men om sommarvarmen uteblir har damene på Nilsbuda ordna med eit appelsintre (appelsinene er strikka) som kan ta oss med til sydlegare strok - i alle fall i tankane.

Velkomne til oss på Nilsbuda!