Melssetra.

Vi hadde samla oss ved skogsvegen og klar til å gå, då telefonen ringde og då hadde eg greidd å skrive feil avreisetidspungt på aktivitetskalenderen.

Sporty som dei var, kom dei etter dei som vart akterutseglte, og vi venta så vi fekk gå i samla flokk.

001

Jorunn, Haldis, Helga, Bente, Gunn, Irene og Monica i friskt trav oppetter skogsvegen i Melsbygda.

003

Kraftlina går etter fjellsida og skogsvegen går under denne eit bra stykke, utsikt mot Ørsta i bakgrunnen.

004

Etter orkanen "Dagmar" har grunneigarane teke ned mykje tømmer og vegen er opprusta og nylagde med pukk.

005

Langs vegen låg framleis litt is og snøv, og moldras vitnar om ein hard vinter.

                                 008

Fantastiske kunstverk av gamle fure som er livlause men står som skulpturar i naturen.  Monica og Helga poserer attmed så ser vi kor stor furua er.

009

Så svinga vegen mot Melssetra, den gamle støylen.

010

Fellesbilde på Setra, med dei gamle hyttene bakom nokre berre  (ca 2 x 2 m store).

Bodil, Haldis, Bente, Jorunn, Irene, Helga, Monica og Gunn.

012

Her ser du hyttene nedom oss, flotte natursteinsmurar mellom raudmåla veggar.

013

Vi fann stien gjennom skogen som er ein "snarveg" til det nyare hyttefeltet som ligg litt høgare oppe. Dette for å bevare den gamle støylen.

014

Her er vi oppstilte på ein veranda med Bondalsfjell og Vatnevatnet i bakgrunnen.

Bente, Haldis, Monica, Irene, Gunn, Helga, Jorunn og Bodil.

                                   015

Bente og Haldis ved ei gammal livlaus mosegrodd bjørk, det var ein del livlause tred. Skal tru om det er frå "Dagmar" ?

                                     019

Blåbærlyngen her var grøn og fin, og full i knoppar, Bodil håpar på eit fantastisk blåbærår. Då skal me plukke i stooore mengder.

                                       020

 Haldis er svært  fasinert av nok ei gigantfure som har gitt tapt for Været.

016

I motsol ser vi mot Reset og Melshornet. Det nye hyttefeltet ligg nesten oppe på Krøvelseidet. Heilt i grensa mot Volda.

022

Tilbake gjekk vi vegen frå det nye feltet og kom attende der vegen mot gamlestøylen svingte av.

025

Monica, Jorunn, Helga og Bente med Åmsnipa, Åmskaret, og Vêrahaldet bak seg.

Nysnøv i toppane det kjende vi på lufta, men sola varma litt likevel.

024

Så rusla vi heimatt og synest vi hadde fått ein flott tur.

Mykje å sjå og ein god trimtur på "nye" trakter for somme, meir kjent for andre.

Så kjem dagens kviss!

021

Kven er dette sin "bæsj"?

Nokon som veit det skal tru,( det er ikkje eg!)

Takk for laget, neste måndag startar vi på dei "vanlege" måndagsturane.

Vi møtast på Villane til å gå Gamlevegen.

                                                    VEL MØTT!