Gamlevegen i sommartempratur.

Synnøve, Rick, Haldis, Helga, Gry, Kari, Solfrid, Ingvild, Ståle, Ingebjørg, Linda, Kjersti, Anne, Anne Berit og Bodil.

Vi starta  frå Villane som vanleg, godt at Jørund har stor plass til oss å parkere på.

Takk for at du lånar oss parkering Jørund. 

001

Det var godt og varmt i vêret så dei fleste var lettkledde og klar for sommar.

003

Haldis og Synnøve forbi ei av elvane, elvane er store av snøsmeltinga og vi kjende godt at dei bar med seg ein kald gufs.

004005

Gry og Ingvild med Rick framføre i god fart, Helga og Linda kjem raskt etter.

006007

Resten av flokken like bak, skogen var grøn og vegen var tørr og fin å gå på.

008

Lidastova ligg der raudmåla og litt er fornya for kvar gong vi går forbi.

009

Haldis og Synnøve med Rekkedal i bakgrunnen.

013014

Mykje kjekt å få høyre når ein har med kjentfolk som kan fortelje historie og hendingar frå ei tid som var.

015

Fonna frå Geitgjølet, skulen som låg ikkje så langt frå rundballane i bildet, 

mykje får vi greie på av "lokale kjentfolk".

017

Ståle, Ingebjørg, Synnøve, Solfrid, Rick, Haldis, Kari, Ingvild, Linda, Helga, Anne, Kjersti, Anne Berit, Bodil og Gry, fint samla til eit fellesbilde med Hauahornet og Rekkedals- byggefeltet i bakgrunnen.

019

På valset har vegen fått ein "oppshining" og det måtte vi feire med eit bilde av Ingvild og Gry ( som bur i garden i bakgunnen).

 022

Ikkje kvar dag ein får besøk rett oppom tuna av femten ivrige turgåarar,

Odd Rune og Anne med familie vinka villig til oss, og vi vinka tilbake.

023

Her har vårflommen gjort stor skade så her er nyordna med steinlagde grøft.

Kjersti og Anne Berit går forsiktig over molda.

 025

Rett gjennom tunet til ein av gardane på Tvergrova går vi, omforlatelse.

028026

Vegen går vidare frametter mot Bondalseidet, Ingvild  finn blåbærlyng som er grøn og fin, full av stoooore flotte blomster, her vert det nok mykje store blåbær.

027

Jorunn og Theo svikta oss ikkje, dei kan orientere om det meste vi spør etter framover vegen.

029

Ved eit nedramla skur fann vi heggeblomster som er sprotne ut, hegga er alså koma lenger på Eidet enn på Sæbø, kven skulle tru det?

031

Her er vi fint oppstillte til eit bilde mot Videtjørn, men desverre fekk vi ikkje med tjønna, fjella og folket vart bra likevel.

032

Hyttefolket kjem til å få eit mykje lysare miljø etter at alle granene forsvann.

033

Vegen er greven av og det er laga ei veite som skal leide vekk vatn, men spreke som vi er, bykste vi enkelt over denne grøfta.

 036

So var vi framme ved Bondalseidet, fellesbilde ved ei sjarmerande gran.

Ståle, Anne, Rick, Jorunn, Ingebjørg, Kari, Solfrid, Anne Berit, Kjersti, Ingvild, Haldis, Helga, Synnøve, Bodil og Gry.

038

Då rusla vi same vegen tilbake.

040

Vi fann ein fantastisk meteorologisk stein på vår veg  tilbake.

Denne var smart.

043

Siste skrik innan vindusdekorasjon, "fjøl med skum" ,

Nesten same nytta som ei blomsterkasse?

046

Her fekk vi lære at når "anda"( den store snøflekken) har slitna i halsen ,

er det lov å bade.

045

På tilbakevegen møtte vi Ruth og Irene som også var på trimtur i finevêret.

042

Kapteinen på skuta denne gongen var meg, Bodil.

Tusen takk for laget alle sammen,

vel møtt neste gong på tur til Frølandsetra.

Von om godt vêr då også.