Lidaveten 592 m.o.h.

Vi vart svært overraska då vi parkerte ved bommen og fleire bilar kom å parkerte ved sida av oss.002

Det viste seg at både vi og friluftsforeninga i Volda hadde velt tur til Lidaveten denne dagen , og til same klokkeslett.

Ja ved start telde vi 21 stk.

003

Oppetter skogsvegen var det rett folksamt.

004

Tidleg var det to som utpeikte seg som "harar". Døtrene til Anlaug Stokke la i veg på kjende trakter i full fart.

005

Blide og spreke damer i lett duskregn. Trimgruppa hadde 13 damer i gruppa.

007

Vi stoppa litt for å ta litt bilder, og då var det best å sleppe Voldingane litt i forvegen.

Bodil, Linda og Marianne i framgrunnen.

009010

Marianne, Ann Helene, Linda, Anlaug, Kari, Jorunn, og kanutte, før vi starta på stien frå skogsvegen, har vi Lidaveten bak oss.

011

På Hestehammaren skimtar vi så vidt dei to "harane "som er i full driv mot toppen.

013015

Oppover går det, vi stig raskt i høgda når råsa er bratt.

017

Nesten halvegs, og utsikta mot Ørsta er upåklageleg, trass regnet.

020022

I godt tempo klivra vi oppetter stien, ja ser du Unni, Helga og oddhild fann snøv til oss ved råsa.

023029

Anlaug, Helga, Marianne og Bodil med Liadalsnipa i bakgrunnen.

Attom damene oppetter råsa skimtar du vegen mellom tunellane på Digernesstranda.

027

Til høgare vi kom, dess klarare vart fjella i Bondalen å sjå.

028

Kanutte ser mot toppen, no er vi snart framme. Du ser ikkje toppen før heilt oppe.

032

Her ser vi Lid i bakgrunnen, 

030

Ja, no er toppen i sikte.

033

Så var det fellesbilde, alle vegar, her mot Lystad.

034

Så mot øyane.

035

Så mot Ørsta, Marianne stakk nedatt attmed Voldingane, ellers er vi:

Bodil, Linda, Ann Helene, Oddhild, Haldis, Jorunn, Kari, Helga, Kanutte, Anlaug og døtrene hennar.

038

Det bles godt på toppen så vi kledde godt på oss, og gjekk nedover att.

Varden har fått seg ein alvorleg skade, var mykje flottare før.

040042

Det letta litt på nedturen, Anlaug, som var dagens lokale gaid,  peikar mot heimen.

Våte vart vi men det var varmt og flott å kome seg ut på tur att.

044

Turen vart avslutta med ein VELFORTJENT soft-is, kjempegodt.

045

Alle vert sooo blide av tur og is, sunt og godt.

Takk for turen.

Neste tur vert på torsdag, då tek vi fem ferga til Lekneset og går på Leknesnakken.

Vel møtt!