Grendalagsbasaren

Det er kjekt for både store og små med tid til prat, god mat og åresal på gamlemåten. For ungane er det mykje kjekkare enn Bingo!

 

Basar 4

Vi anar litt av forventningane hos både små og store. Live og Eilev Aa. Klokk saman med pappa Jon-Erik Klokk var med på basaren i fjor etter langtur frå Austlandet.

 

Tidsramma for basaren er sett til start kl. 14.00 og slutt omlag kl. 18.

Det vert - som vanleg - servert gratis kaffi, bløtkaker, lefser og vafler. Til borna blir det ei flaske brus som drikke.

 

Basar og dugnad 11 004

Det brukar å vere fullsett på Grendahuset under basaren.

 

Nelly Urke har leia denne basaren gjennom fleire ti-år og held fram i denne rolla. Ho nemner at det er omlag 200 gevinstar og det skal godt gjerast å gå tomhendt heim. Ho har høyrt at borna kalla denne årlege begivenheita for "årefest". Det har samanheng med at ein til utlodningane brukar dei gamle, handlaga årene med fem nummer på kvar.

 

Basar og Brua-Parken 004

Basargeneralen sjølv - Nelly Urke

 

Kjellfrid Prestegarden 003

Kjellfrid Prestegarden er leiar i Urke Grendalag

Kjellfrid Prestegarden seier at resultatet at Grendalagsbasaren er det viktigaste grunnlaget for økonomien for dei oppgåvene grendalaget skal drive. I år vert økonomien ekstra vanskeleg sidan kommunen gjennom budsjettvedtak har avvikla den årvisse støtta til investeringstiltak på Grendahusa.

Tradisjonsrike årar

Det er enkelte som lurer på kvar uttrykket "åresal" stammar frå i samband med basaravviklingar. På Urke er det i alle fall ingen som tvilar. Gjennom generasjonar har hendige hender høvla, smida og pussa basarårer.

Basar 5


Slik ser ei ekte basaråre ut på Urke

 

VEL MØTT TIL GRENDALAGSBASAREN  - Kr. Himmelfartsdag,  9. mai kl. 14.00 - 18.00