Viktig for bygda

Grendalaget utfører mange funksjonar som er viktige for bygda. Drifta av grendahuset er krevande utan kommunal støtte. Huset vert brukt som utleigelokale til mange ulike arrangement utanom grendalagsaktivitetane.

Logo Urke Grendalag

Ikkje alle har kjennskap til at Urke Grendalag har eigen logo, om enn litt uoffisiell.

 

Siste året har vore mykje prega av aktivitet i samband med prøvedrifta med anløp av hurtigruta siste haust. Grendalaget tok på seg ei heilt sentral rolle i samband med planlegginga og guidinga i bygda for passasjerane.

 

Logoen til no

Urke Grendalag er initiativtakar og "fadder"  for Urke Utvikling SA

I kjølvatnet av at Hurtigruten har valt Urke som fast anløpsstad frå komande haust , var det grendalaget som stilte seg bak skipingskomiteen for Urke Utvikling SA som er ein nyskipa organisasjon som m.a. skal stå for deler av vidare samarbeid med Hurtigruten.

DSC01463

Bøvika er populær i godveret. I pinsa var det så godt med besøk at det såg ut som om det klippfisk som låg til tørk, sett frå avstand.

Grendalaget har ansvar for drifta av Bøvika badeplass der det vert sytt for rydding, klipt plenar og toalettdrift – sjølvsagt på dugnad. Ein er ikkje heilt i hamn med bøtinga etter Dagmar-orkanen, og resten må takast før badesesongen i år.

Infotavle 002

Orienteringstavle for fottur til Saksa er  klar til montering i desse dagar. I alt er det produsert 6 informasjonstavler som skal monterast på veggen i Brua-parken og ev. kaia.

Det er ikkje alle som veit at det er grendalaget som eig og driftar det velstelte venteromet ved Leknes ferjekai i tillegg til stell av toalettet på Urke kai. Forarbeid, skilt- og tavleproduksjon i høve skilting av turar i nærområdet og toppturar til fjells vart utført i siste arbeidsperiode, medan monteringa skjer i desse dagar.

 

Urke-helga

-første helga i august- har vorte ein tradisjon som årsmøtet slår fast må bli vidareført som fast arrangement. Saman med Grendalags-basaren  er dette tiltak som knyter saman fastbuande, hytteeigarane og mange andre som kjenner på ei tilknytning til bygda. Årsmøtet meiner at dette er viktige element for bygda si framtid.

 

Vignetten

Vignetten for Urke-helga. Første helga i august går det 7. arrangementet på rad av stabelen.

 

Økonomien

for Urke Grendalag sin del er heller krevande. Store utgifter til forsikringar av eigedommane og kraftleige er tyngande og det er uråd å få balanse utan omfattande dugnadsinnsats. Bortfall av kommunal støtte til utførte vedlikehaldsoppgåver og investeringar vil gje utslag på stellet av grendahusa.

Kjellfrid Prestegarden 004 - Kopi

Kjellfrid Prestegarden held fram som leiar i Urke Grendalag

Val av nytt styre

ga lite utskifting og det viser vilje til å halde fram med arbeidet som kan vere inspirerande når ein ser framgang. Det nye styret er slik: Kjellfrid Prestegarden, Kirsten Berg, Øygunn Myklebust, Helge Ramstad og Johan Arnt Leknes - den einaste som er nyvalt i styret.