Sæbø våren 2013 006

Kl 6,30 vakna eg og skulle  gjere meg klar til skitur. Eg hadde såpass tid at eg gjekk opp i Pefonnene og hoppa ut på ein stein i den flaumstore Skondalselva.

Slik  vart resultatet.

Sæbø våren 2013 003

Sjå kor staseleg kyrkja vår er i morgonsola. Den står seg så godt mot fjella.

Rokkekjerringa 2013 004

Men ein slik vårdag er som skapt for topptur på ski. Me køyrer Kvivsvegen og fram mot Hjortedalsetra. Siste 2 km måtte me gå fordi vatnet hadde gropa ut vegen.

Her er i alle høve karane klar.

Rokkekjerringa 2013 008

1. pause i Blåbredalen. 1 veteran og 4 ungdomar. f.v. underteikna, Torstein Årset, Tomas Hame, Magne Riise og Oddmar Riise.  Foto m. sjølvutløysar.

Rokkekjerringa 2013 012

 Målet for turen, Rokkekjærringa er nådd. Den ligg rett overfor Honndalsrokken, på andre sida av Tussavatnet.

Rokkekjerringa 2013 013

Utsikta er ikkje det store. Me skimtar Finnes til venstre og det eit Tussavatn som manglar masse kw. Og det er svært lite snø i fjellet.

Rokkekjerringa 2013 011

Utfordringa med ein tur på Rokkekjærringa er høgde 1570, som ein må over, og ned 200 høgdemeter før ein kan ta til mot toppen. Her ser ein tilbake frå Rokkekjærringa mot denne høgda. Det var tungt å gå laus på tilbaketuren, og eg merka godt alderen.

Det var godt å sette bindingane i køyremodus frå høgde 1570. Men me fekk ingenting gratis der heller. Flott i bratta der ein kunne svinge i det solsmelta laget, men der det var relativt flatt lugga det med ujamne mellomrom. Låra vart så sure at det var nesten så buksa tok fyr. Men no, eit godt døgn etter, er det som var tungt som vanleg gløymt.

Mi einaste sut i dag er  at snømangel gjer vårskisesongen uvanleg kort.

2. pinsedag på setra-2013 004

I dag, 2. pinsedag reiste Helga og eg på setra. Så gjekk me innover myrane og inn på Rognestøylen der vatna nesten har kvitta seg med isen. + 25 grader.

Fin avslapping etter gårdsdagens tur.

2. pinsedag på setra-2013 010

Snøen renn til sjøs frå Heimste Tveradalen. Djuratindane ( Storetinden) bak.

2. pinsedag på setra-2013 009

2. pinsedag på setra-2013 013

Kvitveisen blømer og lauvsongaren syng. Både gauk og lauvsongar høyrde me på setra 1. gongen 17. mai.

2. pinsedag på setra-2013 007

Isen på Storevatnet som var over 1 meter i påska er så godt som ferdig.

Og når ask ser ut til å kome før eik? Så vert det steik.

God sommar!