Kl 6,30 vakna eg og skulle gjere meg klar til skitur. Eg hadde såpass tid at eg gjekk opp i Pefonnene og hoppa ut på ein stein i den flaumstore Skondalselva.
Slik vart resultatet.
Sjå kor staseleg kyrkja vår er i morgonsola. Den står seg så godt mot fjella.
Men ein slik vårdag er som skapt for topptur på ski. Me køyrer Kvivsvegen og fram mot Hjortedalsetra. Siste 2 km måtte me gå fordi vatnet hadde gropa ut vegen.
Her er i alle høve karane klar.
1. pause i Blåbredalen. 1 veteran og 4 ungdomar. f.v. underteikna, Torstein Årset, Tomas Hame, Magne Riise og Oddmar Riise. Foto m. sjølvutløysar.
Målet for turen, Rokkekjærringa er nådd. Den ligg rett overfor Honndalsrokken, på andre sida av Tussavatnet.
Utsikta er ikkje det store. Me skimtar Finnes til venstre og det eit Tussavatn som manglar masse kw. Og det er svært lite snø i fjellet.
Utfordringa med ein tur på Rokkekjærringa er høgde 1570, som ein må over, og ned 200 høgdemeter før ein kan ta til mot toppen. Her ser ein tilbake frå Rokkekjærringa mot denne høgda. Det var tungt å gå laus på tilbaketuren, og eg merka godt alderen.
Det var godt å sette bindingane i køyremodus frå høgde 1570. Men me fekk ingenting gratis der heller. Flott i bratta der ein kunne svinge i det solsmelta laget, men der det var relativt flatt lugga det med ujamne mellomrom. Låra vart så sure at det var nesten så buksa tok fyr. Men no, eit godt døgn etter, er det som var tungt som vanleg gløymt.
Mi einaste sut i dag er at snømangel gjer vårskisesongen uvanleg kort.
I dag, 2. pinsedag reiste Helga og eg på setra. Så gjekk me innover myrane og inn på Rognestøylen der vatna nesten har kvitta seg med isen. + 25 grader.
Fin avslapping etter gårdsdagens tur.
Snøen renn til sjøs frå Heimste Tveradalen. Djuratindane ( Storetinden) bak.
Kvitveisen blømer og lauvsongaren syng. Både gauk og lauvsongar høyrde me på setra 1. gongen 17. mai.
Isen på Storevatnet som var over 1 meter i påska er så godt som ferdig.
Og når ask ser ut til å kome før eik? Så vert det steik.
God sommar!
Kommentarar