Wilse Stenes 1910-1

Ingressfotoet

er teke av fotograf Wilse som var på Stenes ca. 1910. Han og nokre andre landskjende fotografar (m.a. Axel Lindahl og Knud Knudsen) reiste rundt i landet og fotograferte og produserte ei mengd prospektkort som var svært populære mellom turistane. Hjørundfjord er godt dekt av desse landskjende fotografane på grunn av den turiststraumen som kom til bygdene frå 1880-talet, særleg til Øye og Norangsdalen.

Men det er ikkje dei profesjonelle fotografane som har hovudinteressa i denne artikkelen!

Publikum lagar fotoutstilling

Fotonemnda ( Ivar Svein Mo, Knut Riise, Torbjørn Urke og Per Urke) stiller på standen og vi vil oppfordre publikum som vil stikke innom å ta med fotografi (stort eller lite - gjerne innramma), negativ eller filer med bilete som vi kan scanne og eller kopiere på utstyret som vi har med. Vi vil gjerne stille ut desse kopiane på oppslagstavlene i klasseromet som vi har til disposisjon.

Vali står på torget i Åles. 13

Dette er eit bilete som er teke så seint som i 1970 på torget i Ålesund. Vi ser Vali Viddal som blomsterseljar frå gartneriet Bjarne og Vali dreiv på Viddal. Dette er ein arbeidssituasjon for Vali og ei folkelivsskildring frå eit torg som no er historie.

Det er viktig at vi får notert litt om kvar biletet er frå, kva det viser, kven som er med, om mulig årstal og fotograf/eigar. Skriv ned namn på eigar og flest mulig opplysningar om det som går fram på biletet.

Konfirmantjentene f 1948

Dette viser konfirmantjenter frå Øyelandet og Urke som 2. juni (siste dag av årets Hjørundfjorddagar) er 50-årsjubilantar i Hjørundfjord og året er 1963. Biletet er teke ombort i ferja Julsund mellom Leknes og Sæbø på veg til den høgtidlege handlinga. Det er ikkje tvil om at frisørdama på Sæbø har hatt ein jobb å gjere i forkant!

Vi vil prøve å avgrense tema på denne framvisinga til tida før 1960 og viss ein kan presentere noko som viser folk i arbeidssituasjonar vil det ha størst interesse. Hugs kvinner i aktivitet! Originalane er det meininga at eigaren skal få med tilbake etter at vi har ordna med kopi.

Tomatplukking Klokk

Her har vi eit bilete frå tomatplukking på Klokk, truleg i 1940. Olaug Klokk plukkar tomatar i ei peddigkorg. Broren, Jon Klokk, var eigar av gartneriet, medan det var Olaug sin onkel, Bjarne Klokk, som har teke biletet.

Nils i gamlehuset

Viss vi skal vise meir av arbeidet i eit gartneri, ser vi her far min, Nils Urke, i arbeid i Gamledrivhuset - teke i bruk i 1928 - og er eit av dei første drivhusa som vart bygt på Sunnmøre. Dette fotoet er teke av Karl Berg frå Skodje ca. 1950. Nils har truleg rydda ut plantene etter avslutta sesong og bruker greip til å samle plantene.