Laurdag 1. juni og søndag 2.juni er første helga i juni og Hjørundfjorddagar. Laurdag startar  dagen på skulen med utstillarar og program og om kvelden er det konsert i kyrkja. På søndag som er hovuddagen, startar dagen med stor gudsteneste for heile kommuna. Det vert ikkje gudsteneste i dei andre kyrkjene denne søndagen.

Det er sokneprest i Ørsta Matias Austrheim som skal ha gudstenesta. Soknepresten ser med glede fram til denne gudstenesta som også er ei samling og jubileum for ein del av dei 36 konfirmantane som var konfirmerte 19.juni 1963. Det var 20 jenter og 16 gutar den gongen.

-Representantar for 50 årskonfirmantane vil ta del med tekstlesing. I gudstenesta vil eg  ha ei lita samtale med eit par av konfirmantane om konfirmasjonsdagen for 50 år sidan. Vi vil og minnast dei 4 i konfirmantflokken som er dø og tenne lys for dei. Det vert ikkje nattverd i gudstenesta denne søndagen. I ei slik høgtidsgudteneste er eg glad for at Hjørundfjordkvintetten takka ja til å spele, - avsluttar Soknepresten.

Konfirmantar 1963

19.juni 1963 kunne sokneprest Olav Ekeland føre denne imponerande flokken av ungdommar til kyrkja for å verte konfirmerte. Dette står i stor kontrast til årets kull som var på 3 konfirmantar. Foto Anders Hustadnes

Sæbø skule hadde 40 elevar i Framhaldskulen i 1963. 4 gutar av desse er døde og 2 av dei vart konfirmert på Bjørke og 2 hadde konfirmasjon andre plassar. Dei som vart konfirmert i Hjørundfjordkyrkja vil ha ei samkome på laurdag for so å møte i kyrkja på søndag for å delta i gudstenesta.

Offeret denne dagen går i sin heilheit til arbeid Hjørundfjord kyrkjelyd.

Vel møtt til ei festgudsteneste i Hjørundfjord kyrkje.