Frølandsetra.
Vi parkerte syklar og bilar på Frøland og måtte drage litt på smilabandet, for vêrgudane prøvde seg med nokre dropar med regn.
Vi let oss ikkje skreme så det vart berre med desse dropane.
I flokk og fylje gjekk vi oppover frå Tuftene.
Vi fekk auge på ei hjortehytte med "åte" på taket, smart!
Mor og datter- Monica og Lisa i full fart forbi fyrste ledet.
Godt og varmt i vêret, dei fleste hadde kasta jakka før vi kom til fyrste ledet.
Marit, Irene, Kari, Bente, Monica, Alvhild, Lisa og Jorunn.
I markane kunne vi sjå at vinteren har sett sine spor, lyngen av pors er brunsvidd, men det spirar i grønt att frå kvistane.
Vi gjekk i godt tempo og stoppa og samla opp med jamne
mellomrom innover vegen.
Vakre damer i vakker natur , Kari, Alvhild, Monica og Lisa.
Bilde av flokken ved nyebrua.
Monica, Bodil og Lisa. mot Klokkura i himmelsjå.
Vegen var nygrusa og fin å gå på, Irene, Alvhild, Kari,
Ann Helene, Hilde, Monica, Lisa og Jorunn.
Sjeldent flott lys i horisonten, var vi på veg mot Soria- Moria skal tur?
No er vi inne ved enden av vegen, då er det rås resten.
Leskande dropar frå ei vasskjelde er ikkje å forakte på tur.
Linda og Helga drikk av kopp og flaske, medan Jorunn strutar av røret.
Ein liten pust i bakken før vi tek til på råsa, Alvhild, Lisa, Hilde, Helga, Linda, Kari, Jorunn, Fred, Marit, Irene og Bodil.
Alle klar til siste stykket, nesten framme no.
Råsa var tørr og fin i starten, litt våtare etter kvart.
Ein av dei mange olivinsteinane innover Frølandsdalen, dei som ligg etter resene er fulle av bokstavar og tal som folk har rissa inn.
Støylen openberra seg brått og flott.
Ikkje ein snøflekk att i elva i svingen før setra, kva heiter denne elva?
Alvhild og Bente i siste innspurt, rett ved Alvhild ser ein til Stokkesetra
på andre sida av dalen.
Godt å kome inn å finne drikke og litt å bite i, varmt og fint å sette seg på støylen.
Fellesbildet:
Fred, Linda, Kari, Helga, Irene, Hilde, Monica, Lisa, Marit, Alvhild, Bente,
Bodil, Ann Helene og Jorunn.
Hurra!
Frølandstrollet med flokken rundt.
Lappegople i massevis!
Det vert nok rikeleg med froskar i Frølandsdalen i år også.
Her ser vi "Skyttelen" under Moakollen,
når det vert hol på midten er det lov å bade.
So bar det heimatt til kvardagen att, for ein flott tur i den alltid så fagre Frølandsdalen.
Takk for laget!
Neste måndag møtast vi ved fjøsen til Ole Johan oppom Rekkedal gjestehus.
Då går vi til Rekkedalsetra, kryssar elva på ein forunderleg måte,
og går nedatt frå Risestøylen.
Vel Møtt!
Kommentarar