Hjørundfjorddagane har vore ein tradisjon i bygda i så mange år at det hadde vorte rart utan. Likevel såg vi at mange hadde gått litt lei av å vere med på denne stordugnaden. Det var kanskje tid for å leggje ned heile arrangementet. Folk var lei.
Og kanskje trengde vi ein liten vekkar?
Kanskje trengde vi å gå litt i tenkjeboksa for å klare å tenkje nytt?
Men på folkemøtet fekk vi på plass fleire folk, og idèane kom med ny giv. Etter kvart som vi fekk ei ny nemnd på plass, ny organisering, og fekk starte på arbeidet med å planlegge Hjørundfjorddagane 2013. Vi bretta opp ermane og engasjementet byrja å vekse. Vi har famla og feila, streva for å rekke alt, prøvt å fornye oss, samstundes som vi er litt redde for å endre på for mange ting på ein gong. Tradisjonar er også viktige. Vi har gjort nokre endringar som gjer at vi kanskje treng endå fleire hender til å hjelpe til, men vi trur og håper at resten av bygda vil ta positivt i mot dei endringane vi har gjort. Og vi gler oss til å sjå resultatet.
Vi har prøvt å legge vekt på at det skal vere noko kjekt for alle, og at det skal vere mange aktivitetar på dagane i år.
For dei som lagar arbeidslistene er det viktig å få tilbakemeldingar, og etter at listene no snart ligg i postkassene rundt om, er det endå viktigare at folk seier frå om eventuelle endringar som må gjerast.
Og så blir vi ekstra glade om nokon har lyst til å stå på reservelista. Då kan det hende vi ringjer og treng ei ekstra hand om nokre fell ifrå.
Ja, det er ei tid for alt. Eg velgjer å tenkje at det no var ei tid for å fornye oss litt. Om vi har fått det til får vi sjå når Hjørundfjorddagane er over for denne gong.
Etter Hjørundfjorddagane er det mange som skal takkast, men no før Hjørundfjorddagane vil eg allereie seie at det er også tid for å takke.
Eg vil takke dei som er positive og imøtekomande når vi prøver å få til noko. Dei som møter oss med smil og velvilje, og til dei som brukar fritida si på å få dette arrangementet til å verte bra. Mange timar er lagt ned allereie, og mange fleire skal det verte. Det er så verdifullt for bygda vår at vi har slike folk.
Og for oss som prøver å få dette til er det så kjekt når vi møter desse personane som seier:
-"Eg vil gjerne hjelpe til."
-"Eg kan hjelpe til begge dagane om det trengst."
-"Sei ifrå om det er noko eg kan hjelpe til med!"
Dette varmar og inspirerer oss i nemnda til å arbeide vidare for å få Hjørundfjorddagane endå meir spennande! Vi kjenner litt på at vi har fått snudd den negative trenden litt, og at mange no gler seg til å ta i eit tak for bygda vår.
Takk skal de ha!
Og til alle som snart får ein lapp i postkassa med namnet sitt på: Vi sjåast på Hjørundfjorddagane, klare til å gjere ein innsats for bygda vår:
"Å kome saman er starten. Å halde saman er framgong. Å arbeide saman er suksess." (Henry Ford)
Dette blir bra! Lykke til!
Og til slutt: Følg med på Facebook-sida vår og heimesida, der de vil få med dykk alt som skal skje på Hjørundfjorddagane i år. Del/lik sida, slik at flest mogleg ser den.
For nemnda
Anette Dagfinrud
Kommentarar