Han kom seint, men godt - våren.  Og allereie  onsdag, no onsdag den 15. mai klokka 0930,  opnar Kanutte (Nutte) Strand dørene til bakeributikken og kafeen v/ferjekaia på Sæbø. Og i bakeriet står Dagfinn (Daffa) og lagar dei beste bakarvarene.

009 copy

I butikken kan du t.d. få kjøpt  Hjørundfjordbrødet og Ørstabrødet og det som gjerne vert kalla verdens beste skulebollar.  I tillegg har Nutte mykje anna ferske bakarvarer frå bakar Daffa.

No er den nye ferjekaia ferdig og snart er også det andre anleggsarbeidet avslutta. Og dermed er igjen utsikta frå kafeen og området utanfor framifrå mot både Hjørundfjorden og Slogen. 

Og bakar Daffa lovar at bakeriet er ope både på 1. og 2. pinsedag.   I tillegg vil bakeriet halde søndagsope unbder Hjørundfjorddagane og frå slutten av juni vil bakeriet halde ope kvar søndag utover sommaren.

I butikk og  og kafe får du altså kjøpt det meste og Nutte fortel at du både kan få  påsmurde tebriks og rundstykker til kaffien.

Opningstider kvardagar:  Frå klokka 0930 til 1630
Laurdagar frå klokka 0930 til 1500

1. og 2. pinsedag:  Frå klokka 0930 - 1630

Nutte og Daffa ynskjer både nye og tidlegare kundar velkomne.