Eg fekk 3,5 flotte år som prest i Hjørundfjord og Storfjord.
Det er mange å takke for godt samarbeid.
Eg rakk å møte to sokneråd i Hjørundfjord sokn. I begge møtte eg engasjement for bygdene og kyrkjelyden.
I staben har både klokkar og kyrkjetenar/sekretær slutta i løpet av denne tida. Eg takkar både Kjellaug og Eldbjørg for samarbeidet. Lokal tilknyting og lokalkjennskap er viktig, og begge var gode å rådføre seg med.
Ole Christian kom inn som kyrkjetenar og gjer ein flott jobb. Takk til han for samarbeidet.
Kyrkjemusikarane er også viktige medarbeidarar, Ray og Marie. Takk til begge. Marie har teke seg av Sæbø Barnekor. Kanskje er det mine aller beste minne dette å få lage familiegudsteneste saman med barnekoret. Eg trur vi har fått til mykje spennande og kreativt desse åra.
Eg vil takke både tilsette og pensjonærar på Hjørundfjordheimen. Det har vore triveleg å kome dit. Ofte vanka det ein kopp kaffi, og som regel var alt lagt til rette: Bord med lys og kvit duk, mikrofon osv.
Og villig personale som trilla forsamlinga på plass.
Det har vore godt samarbeid med skule og barnehage. Barnehagen har møtt til vandring både i advent og før påske, og vi har hatt gudsteneste før jul for skulen og barnehagen.
Nokre møte med folk har vore i sorg, for andre sin del i glede. Sjølv om det ikkje har vore så mange gravferder, og ikkje så mange vigsler eller barnedåpar siste åra, så møter vi prestar menneske i ulike situasjonar.
Og så må eg nemne dei flotte konfirmantkulla eg har hatt gleda av å verte kjende med. Dei har teke konfirmanttida si på alvor, og dei har vore positive medarbeidarar i mang ei gudsteneste.
Eg takkar folket og kyrkjelyden for fellesskapet. Eg ønskjer til lykke og sæle vidare, og eg håper ny prest får same hjartelege mottaking og tilbakemelding som eg fekk.
Helsing Rolf Dyrhol
Kommentarar
Eg takkar Hjørundfjordkvintetten for at dei har vore med løfte så mang ei gudsteneste. Så sant mange nok kunne stille, så kom dei.
I det andre vil eg utrykke takksemd og over kor villig foreldra sto i kø for å gjere
dugnadsinnsats som når vi t.d hadde Lys Vaken. Køen av folk som ville ta eit lite tak imponerte meg.
mvh Rolf D