Det vart Team Randonajs som vann konkurransen. Klikk her: http://www.friflyt.no/Ski/Seier-til-Vegard-co
I samarbeid med magasinet friflyt.no arrangerer vårt eige hotell, Sagafjord Hotell på Sæbø, fotokonkurransen Sagafjord Photo Challenge. Det er hotellet sin Karsten Gefle, ein av Noregs beste frikøyrarar på ski, som er initiativtakar til konkurransen
I fotokonkurrasen er det med fire team, Karsten Gefle er med på eitt av dei. Hovudfotograf her er Vegard Breie. På eit anna team, er den lokale fotografen Olav Standal Tangen, sentral. Du kan sjå alle fotoa med å klikke deg inn på friflyt.no og stemme på din favoritt. Nemnast må det også at det er med eit svensk team, her er det fotografen Lucas Nilsson som er sentral.
I tillegg til desse tre teama, må sjølvsagt Team Fjord Tausene under leiing av fotograf Anki Grøthe, nemnast.
Ver med og stem fram til klokka 2000 i dag, fredag 12.4. Du kan sjå alle fotoa og gje di stemme til den du meiner er best, ved å klikke på lenka under.
Kommentarar