Onsdag 17. April er det 80 år (1933) sidan Sæbø fotballag formelt vart stifta, initivtakar til dette var Andreas Årset. Dette synest noverande styre i Sæbø IL at vi må markere. Dermed vert det rebusløp med start og målgang på Kapteinkvia. Trimgruppa organiserer rebusløpet,  og Barneidretten/ Idrettskulen står for matsal. 

Ein vel sjølve kor mange ein vil vere på kvar gruppe, inga øvre eller nedre grense. Påmelding/ registrering mellom kl 12.30 og 13.30, og så vert laga sendt ut fortløpande ca anna kvart minutt. 

Ved start/ mål vert det høve til å kjøpe seg kaffi, saft, kake og pølse m/ brød. 

Håper at mange vil vere med på denne markeringa.

Kort historikk om Sæbø IL

17. April 1933 formelt stifta

1939 vart Sæbø fotballklubb og Bondalen idrottslag slått saman.

1949 vart grusbane bygd.

1980 handballgruppa starta.

1983 vart handballbana laga.

1986 den spede start på Hjørundfjorddagane.

1987 Klubbhuset var ferdig.

1990 ILIS barneidrett/ Idrettskulen vart starta som ein av dei første i fylket.

1992 Grusbana vart rehabilitert.

1993 det vart laga til friidrettsannlegg

1995 vart treningsfeltet opparbeidd.

2004 ballbingen vart opna som den første i Ørsta kommune

2005 vart Sæbø IL endeleg eigar av grunnen som anlegga står på.

2006 noverande Idrettslagsbuss vart innkjøpt.

2012 Ny gymsal ved Sæbø skule vart tatt i bruk.

2014 byggestart kunstgrasbane????

kjelder: Hjørundfjord sogelag årskrift, forfattar Rune Sæbønes og Jubileumsheftet til Sæbø IL.