saeboe_il_logo
Kort historikk

Dette synest noverande styre i Sæbø IL at vi måtte markere. Dermed vart det rebusløp med start og målgang på Kapteinkvia søndag 14. april. Trimgruppa organiserte rebusløpet, og Barneidretten/ Idrettskulen stod for matsal.

Vermeldinga var ikkje av dei beste, men 60 stk deltok på arrangementet. Rebusløpet gjekk opp i Fonnvernet, til hjartebenken og litt opp i Gunnarråsa. Oppgåvene gjekk på alt mellom Sæbø idrettslag si historie, lokale trimpostar, idrettsuttrykk, Justin Bieber, blomar og steinsortar.

image001_1 image003_1
Vermeldinga var ikkje av dei beste, men 60 stk deltok på arrangementet.

Flott utsikt frå hjartebenken.

Både før og etter rebusløpet var det moglegheiter til å kjøpe seg kaffi, brus, kake og pølse m/ brød. Medan vi venta på retting og offentleggjering av vinnarar var det god prat og leik på Kapteinskvia. Sæbø grendalag har på dugnad bygd eit stort og fint grindbygg som har plass til mange, og som gav god ly for regnet som kom.

image005_1 image009_1

I Gunnarråsa skulle ein kaste ringar.

Frå premieutdeling, Bodil Skare, Linda Røssevold, Monica Follestad og Lisa Follestad.

image007_1

Gode og smakfulle premiar som kunne delast på alle deltakarane på laget, og alle lag fekk premie. Sponsa av Joker Sæbø og Bellingen på Sæbø, tusen takk.

logo nærbutikken logo joker

(Klikk på annonsa for meir informasjon)