Tid og stad

  • 30.april – 8.mai: Sæbø – på mellom brannstasjonen og pumpehuset
  • 30.april – 8.mai: Bondalen – v/grendahuset


Container for metall

Det vert sett ut ein container for reint metall. Det er svært viktig at berre metall vert kasta i denne. Dette kan til dømes vere:

• traktorredskap

• fjøsinnreiingar

• utdatert landbruksutstyr

• metallgjerde

• forhaustarar

• slåmaskiner

• felgar utan dekk osv

Større delar av slikt utstyr som ikkje er metall, t.d. plast, gummi, treverk og liknande, skal så langt som råd demonterast og leverast på miljøstasjonen.

Sameleis ber ein om at olje vert tappa av slikt utstyr som har dette, og at evt batteri vert tekne ut.

Store gjenstandar, t.d. traktorar, gravemaskiner, bilar og lastebilar og liknande som ikkje går inn i containeren kan det gjerast særskilt avtale med RSS om. Desse kan verte henta på staden dersom det er råd å kome til med stor kranbil.

metallavfall

Elektroavfall

Elektrisk og elektronisk avfall, eksempelvis kvitevarer, tv og diverse hushaldningsapparat kan settast på anmerka plass på utsida av metallcontaineren.  Ingenting anna enn slikt elektroavfall skal plasserast her.

 

ekektroavfall

 Henting av grovavfall på bygdene

Grovavfall er til dømes:

• byggeavfall

• møblar og tepper

• isolasjonsmateriale

• bøker

• keramikk

• hardplast m.m.

 Hentinga er gratis, men det vert belasta kr 2,00,- pr kg (inkl. mva) for avfallet.

Dei som er interessert i ei sånn løysing, må kontakte Retura Søre Sunnmøre AS tlf 70048610. Det vert utarbeida køyreruter for innsamlinga

grovavfall 

 Med helsing Retura Søre Sunnmøre