5. og 6. klasse overnattar i kyrkja i natt under arrangementet Lys Vaken. Dette vert avslutta med gudsteneste i kyrkja søndag føremiddag. Dei vil då delta i gudstenesta med ulike oppgåver. 

Under denne gudstenesta vil òg Generasjonskorpset ta mykje del, både  åleine og i samspel med brusande orgelmusikk med organist Ray Weber på orgelkrakken. Dette er noko korpset har øvd og planlagt i lang tid, og gledar seg svært til å opptre. 

Det er mykje å sjå fram til under denne gudstenesta, så vi håpar mange tek turen :)

Velkomen til heile kyrkjelyden!