Annonse med søknadsfrist 1. mai ligg på Ørsta kommune si heimeside.

Hjørundfjordheimen er ein god plass å bu for dei som treng det, samtidig som det er ein triveleg arbeidsplass!

Vi har gjennom året sosiale treff punkt for tilsette som blåtur og julebord, alltid like populært. Viktig med møtestadar slik at ein kan bli betre kjende.

I periodar har vi hatt liten tilgang på vikarar og vil med dette "fri" til personar som kan tenke seg å jobbe ved Hjørundfjordheimen som tilkallingsvikar, evt kan ein få til tidsavgrensa avtale. Her vil heile tida vere trong om arbeidskraft både på veke dagar og spesielt i helgar.

Vi vil herved oppmode deg om å ta kontak for ein uformell prat, kanskje er dette noko som passar deg, sjølv om tanken er ny når du les dette!

Om du framleis er usikker opnar vi gjerne opp for å gå saman med ein pleiar ein dag eller tre for å sjå kva arbeidet går ut på! 

Ta kontakt med Eldrid Øye på telefon 700 45750 eller ein annan tilsett for informasjon.

Viser til hjorundfjord.no der finn ein link til Hjørundfjordheimen!