HJØRUNDFJORDDAGANE
1. OG 2. JUNI 2013
TIL ALLE HUSSTANDANE I BONDALEN, URKE, ØYE, TRANDAL, STANDAL, OG TIL HJØRUNDFJORDINGAR SOM IKKJE HAR GLØYMT RØTENE SINE.
Hjørundfjorddagane er verkeleg noko som set Hjørundfjorden i sentrum, og der alle stiller opp og tek i eit tak. Dette vert lagt merke til andre stader og det er noko som vi kan vere stolte av. Hjørundfjorddagane er ei inntektskjelde for Sæbø idrettslag, men 20% av overskotet går til andre lag i Hjørundfjorden.
Vi voner at Hjørundfjordingane også i år viser velvilje og hjelper til i årets største dugnad!
Nemnda arbeider vidare med arbeidslistene etter same mønster som før og kjem i stor grad til å nytte namn på arbeidslister frå tidligare år.
Dessverre så minkar folketalet og det vert vanskelegare å få fylt alle postane.
Ei vakt er maks 3 timar og du slepp inngangspengar den dagen du har vakt. Alle som står for klargjering og nedrigging av dagane slepp også inn ein dag.
Det er svært viktig at nemnda får tilbakemelding:
- om du ikkje har høve til å hjelpe til ein spesiell dag eller tid
- om du gjerne vil gjere noko anna enn du har gjort før
- om du kan ta ei vakt begge dagane, eller evt. fleire vakter same dag
TA KONTAKT MED :
Gunnhild Hustadnes Myrhol:tlf. 915 69 697, eller
Erlend Walseth: tlf. 936 78 331, eller
e-post: arbeidsliste@hjorundfjorddagane.no
Vi vil gjerne ha tilbakemelding innan 1. mai 2013.
Dersom vi ikkje får tilbakemelding innan fristen, går vi ut frå at du kan hjelpe til og vi plasserer deg på listene, helst der du har vore før. Vi må likevel få lov til å flytte litt att og fram for å få det heile til å gå opp.
DERSOM DU VIL HJELPE TIL OG IKKJE HAR VORE MED FØR, TA KONTAKT!
Veit du om nokon som bur andre stader og vil hjelpe til, så er vi svært glade for all hjelp.
Helsing
Sæbø IL
Nemnda for Hjørundfjorddagane 2013 / Arbeidslisteansvarlege
Gunnhild Hustadnes Myrhol og Erlend Walseth
Kommentarar