Frølandsdalen 10,apr 2013 002

Helga vart med under tvil. Ho likar ikkje nedrensla etter vegen og har gamle traumer frå tidlegare turar. Her er ho likevel nokså optimistisk og solhungrig.

Frølandsdalen 10,apr 2013 004

Her er ein av dei få ein kan vente å treffe. Han har ikkje gløymt den gamle skistaden Klovningane.

Frølandsdalen 10,apr 2013 007

Hit, men ikkje lenger. I solveggen på Jakobselet på Frølandsetra skåra Helga seg til for soling. Eg fortsette mot Klovningane.

Frølandsdalen 10,apr 2013 009

Eg får ei slik ro i sjela når eg ser slikt landskap. Å vere i det må vere bra for helsa!

Mot Klokkura og Kobeinskaret. Kun to skispor kryssar Klokkura frå Verahaldet.

Frølandsdalen 10,apr 2013 010

Som gammal rypejeger ser eg alltid etter sportegn. Her har 2 ryper lege i dokk i siste snøfallet.

Frølandsdalen 10,apr 2013 012

Klovningane ligg her utan ei sjel. Det er ikkje betre å vente midt i veka, men diverre er det like tomt søndagane. Men så lenge Sigve, Arnljot og eg sjøl + nokre få til er oppegåande får staden besøk av og til.

Frølandsdalen 10,apr 2013 014

Her ser ein både Slogen, Smørskedtind, Stålberghornet, Storehornet og Skårasalen.

Gammal kulturhistorie 006

Til sist tek eg med eit bilete frå mange år attende. Kva tid veit eg ikkje, men eg dreg kjensel på mange. Som ein ser var Klovningane ein populær stad for søndagskituren. Kven som er fotograf veit eg heller ikkje på ståande fot, men det hadde vore kjekt om nokon kunne kommentere biletet.

Til sist vil eg sende ei helsing til min nabo frå gamle- Rise, Magne Årset, som eg veit er innom Hjørundfjordportalen kvar dag. Siste fotoet la eg inn fordi eg tenkte det ville glede deg, Magne.

Klikk på fotoa for å få dei større.