Men har du lagt merke til dei vakre steinmurane som finst som husmurar, løemurar, brumurar eller kaimurar i di eiga heimbygd? Kvar kom denne steinen frå, korleis fekk dei forma dei rette kantane og sidene i naturmursteinen, korleis frakta dei steinen og kven utførte arbeidet? Slike spørsmål melder seg og det trengst hjelp til å finne svara.

Mur Stenes-stova

Noko av dei flottaste murane eg har sett, fann eg i Nilsgarden på Stenes. Fuginga ser ut til å vere fornya. Stova vart bygt i 1931. Nils Stennes overtok bruket tre år tidlegare og kanskje er det faren, Edvard, som har gitt ei hjelpande hand. Edvard var murar, opplyser gardssoga. (Foto: Per Urke 2010)

I mi biletsamling finn eg bilete som viser solide murar i Urkebygda. Eg er viss på at andre bygder kan framvise det same. I første omgong har eg lyst til å få vite meir om slike murar er å finne i alle eller berre i nokre av bygdene i Hjørundfjord.

Eit kartleggingsarbeid

Eg skulle like å få dokumentert:

  1. At  murane finst  ved foto eller teikningar,
  2. kva årstal skriv murane seg frå,
  3. kvar vart steinen henta frå,
  4. korleis vart den hogd til og
  5. kven som utførte arbeidet har og interesse for det var neppe kvarmann som meistra dette arbeidet.

 

Løemur Nilsgarden -Stenes

På løa i Nilsgarden på Stenes er det og ein mektig steinmur, men her er mørtelen i fugene utvaska. Desse murane skriv seg truleg og frå 1930-talet. (Foto: Per Urke 2010)

Ålesundbrannen fekk byfolket til å forstå verdien av å bygge husa i mur for å hindre brannspreiing. Men i byen galt det ikkje berre grunnmurane, slik vi ser i bygdene. Men kanskje var mange frå bygdene med og arbeidde med gjenoppbygginga av byen og lærte seg murarbeid?

Høgare hus og fjøs/løe med gjødselkjellar

Vi anar at det finst eit tidsskilje rundt hundreårsskiftet frå 18 til 1900-talet. Før hadde husa låge murar utan eller med låg eller delvis kjellar der det ikkje vart stilt så store krav til kjellarmurane.  Så kom kravet om kjellar og høgare murar og då måtte steinen vere tilhogd og skulle tettast med fuger utvendig for å hindre vatn og frost. Dei tungvinte fjøsa vart erstatta med kombinerte fjøs og løe der det var gjødselkjellar under fjøsen.

Sivert Andreas Jonsen Skylstad Urke i Ramogarden

Stova i Ramogarden på Urke (t.h.) vart oppsett i 1906 medan løa i bakgrunnen t.v.  var nybygt kring 1934. Murane både på stova og løa står slik den dag i dag.  Fotografen har sikra seg foto av svigerfar sin, Sivert Urke (1846-1937). Men at stove- og løemurane er med, ser vi på som bonus! (Foto: Bernt. O. Ville ca.1936)


Kyrkjesteinen frå Leknes-stranda

I Hjørundfjord har  vi opplysningar frå 1878 om at alle gardbrukarane i sjødistrikta (dvs. alle utanom bondalingane) fekk ein pliktarbeidsdag til å føre stein frå Leknes-stranda til Sæbøfjøra. ”En ottringsbaad bliver at indkjøbe for kommunens regning til at føre nevnte stenmaterialer paa,” står det i heradsstyreprotokollen.  og vidare: ”Neste vinter bliver opsidderne af Bondalen at tilsige at opkjøre stenen til kirkens tomt”.  Er det nokon som veit meir presis kvar steinen vart utbroten i Leknesstranda? Eit slikt steinuttak måtte sette merke etter seg.

 

Wilse Øye-kaia1925

Øyekaia vart bygt alt i 1891 og her vart det brukt stor, tilhogd stein. (Foto: Wilse 1925)

Kaiene

Vi skal ikkje oversjå kaibyggingane tidleg på 1900-talet. Då vart det gjerne brukt tjukk og stor stein med rette sider. Det er sagt at steinen på Urkekaia vart henta i Stenes-stranda. Skal tru om det kan påvisast restar av steinbrotet der?  Øyekaia vart bygt alt i 1891.

Bruene

Bogebrubygginga var ei stor utfordring for steinmurarane. Seinare kome dei rette bruene med solide bru-kar som måtte byggast av stor stein, god fundamentering og godt arbeid. Vi har eksempel på at det gjekk gale, men og at godt bruer med godt utført arbeid og rett sort stein toler det meste.

 

Mur under Urkebrua

Under Urke-brua, som vart bygt like før siste krigen starta, finn vi solide bru-kar av tilhogd stein. Det kan vere vanskeleg å få ein knivodd inn mellom steinane. Ein ser tydeleg at steinane har vore tilpassa kvarandre. Sjå i sentrum av fotoet!  Nyleg passerte ein last på 88 tonn over denne brua. (Foto: Per Urke 2008)

 

Eg illustrerer denne artikkelen med foto av murar som eg har frå før i biletsamlinga mi.. Eg inviterer til ein dugnad der vi sender inn opplysningar som vert etterlyst!

Det er og av stor interesse å få vite om det finst reidskap til å bearbeide stein med. Minebor og feisel er kjende reidskap, men kilar og andre remedier veit vi mindre om. Kanskje finst noko slikt?

Bruk gjerne e-postadr: per.urke@mimer.no  eller skriv til Per Urke, Øvre Skytterholmen 2, 6020  Ålesund. 

Registreringsarbeidet bør kunne gi grunnlag for ein eller fleire artiklar i årsskrifta frå Hjørundfjord Sogelag.