noter3


1. Mai nærmar seg med stormskritt, og det er igjen frist for å søke om plass til kulturskulen. Vi håpar at mange har lyst å søkje på plass til hausten. 

Når du tek til på kulturskulen vert ein fyrst aspirant og får opplæring i minimum eitt år. Der lærer du notar og får spele på eit instrument og allereie i Desember fyrste året får du vere med å spele på korpset sin julemarknad. Dersom mange nok søkjer (over 3 stk) kan det vere moglegheit for å få lærar hit til Sæbø. Dersom ikkje vil undervisninga føregå på Kulturskulen i Ørsta eller så kan Dalane også vere eit alternativ. 

I 2009 fekk Sæbø skulekorps 25 000,- kr i prosjektmidlar frå Sparebank1 Volda/Ørsta.  Desse er øyremerkt til aspirantopplæring. Korpset har framleis midlar igjen. Dette fungerer slik at aspirantane må sjølve betale kulturskulen, men vil få tilbake heile beløpet frå korpset etter at det fyrste året er fullført med aktiv deltaking i undervisninga. Dei låner instrument frå korpset og må til gjengjeld hjelpe til med gevinstar, kaker og liknande når korpset arrangerer ca to arrangement i året.

Etter eitt til to år med undervisning er du det ein kallar junioraspirant. Då skal du har lært så mykje at du kan ta del i korpset sine øvingar, og vi vil ta godt i mot deg og hjelpe deg dersom du synest det kan vere vanskeleg. 

Søknad kan du sende direkte til kulturskulen. Skjema finn du på kulturskulen si heimeside. Aldersgrense for å søkje er 2. klasse ifrå hausten av.

Per idag har korpset aspirantane Thea Karin Flatnes som går på kulturskulen, og Hanne Aklestad, Bjørn Ove Follestad og Monica Follestad som får opplæring av dirigent. (Dei siste starta med opplæring på seinhausten.)

Torsdag kveld møtast heile korpset til øving mellom kl. 19 og 21. Då kan den som vil ta turen for å sjå om dette kan vere noko ein har lyst å vere med på. 

Vi vil gjerne at du skal bli en del av det fine miljøet i korpset vårt!


mørenyttbilde

(Foto : Ingvil Runde)


Kvart år viser korpset seg fram ved mange forskjellige anledningar.

Dette er til dømes på basarar rundt om i bygda eller nabobygder, deltaking på gudstenester, julekonsert i kyrkja, lysmesse og julemarknad, korpsseminar, og ikkje minst på nasjonaldagen. 

Økonomi og foreldreinnsats:

Ein stor del av korpset sine kostnader vert  dekt av inntekter frå eigne norske_pengerarrangement. Korpset har stor støtte i lokalsamfunnet, og bedrifter og bankane i lokalmiljøet er svært flinke til å støtte opp økonomisk. Derfor har vi god økonomi, og korpsmedlemane og foreldre treng derfor ikkje å trå til mykje for å halde oppe god økonomi. Forventa foreldreinnsats frå korpset vil dermed verte fylgjande:

1. Støtte musikanten! Hjelpe med å ta godt vare på instrument, notar, uniform og andre effekter. Oppmuntre musikanten til å øve. Sørge for at musikanten møter opp på speletimar og samspel og andre arrangement, og at musikanten har med seg nødvendig utstyr.

2. Julemarknad. Fyrste søndag i advent tek korpset stor del i opplegget rundt tenning av julegran i Sæbø sentrum. I den forbindelse arrangerer vi julemarknad der foreldreinnsats består av å selge lodd, bake ei kake, stille med tombolagevinstar, samt rigging og deltaking på sjølve arrangementet.



Uansett om du er barn eller vaksen så vil vi gjerne høre frå deg!

Har du spørsmål, eller vil du bli musikant? Kontakt gjerne korpsleiar og dirigent Oddhild Kalvatn.

Dersom du har spelt eit instrument frå før eller Euphoniumboy
ynskjer å byrje i korpset når du er eldre, vil
du sjølvsagt få eit opplegg som gjer
at du snarast mogleg kan spele med nokon på din
eigen alder og ditt eige nivå.






”Så bli med i vårt korps hvis du liker musikk.

En oppvekst i ordnede former.
Bli med i vårt korps hvis du liker å gå i takt,
i ganske stilige uniformer.”
Di Derre (1994)

17-mai

Velkomen skal du vere til Sæbø skulekorps!