28.04.2013 kl.16.00 er siste gudstenesta  Rolf Dyrhol har i Hjørundfjord kyrkje som sokneprest. Det vert avskilgudsteneste med både Hjørundfjord barnekor og Ørsta kyrkjekor tilstades, med stor kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Til gudstenesta søndag har Hjørundfjord sokneråd invitert dei andre leiarane i sokneråda i prostiet i Ørsta og Volda og sjølvsagt er alle i sokna i Hjørundfjorden og Storfjorden sine medlemmar, hovudgjestane.

Etter høgtida i kyrkja vert det dekka opp til kyrkjekaffi på Bedehuset og her vil representant frå arbeidsgjevar til prestane, Ørsta kyrkjeleg Fellesråd, delta i lag med andre prominente gjestar. Det er venta at mange vil ta ordet og takke for dei tre og halvt åra Dyrhol har vore sokneprest med hovudansvar for Hjørundfjord og Storfjorden sokn.(Bjørke)

Ein kan lure på kva ei slik sprek kar skal gjere etter han sluttar av, og på spørsmål frå Soknerådet, kjem først det gode humøret med den smittande latteren, som vi kjenner til i samarbedet med presten fram, og stikkord frå den komande pensjonist, vitnar om ein mann som er allsidig og har mange interesser.

Ein ting er heilt sikkert, seier Rolf i ein samtale, han skal være vikarprest og leie konfirmasjonsgudstenesta neste helg og konfirmerer dei to konfirmantane våre, men etter det skal han ikkje ta vikarprestoppdrag før 1.september.

Friheita skal brukast til lesing og den stillesitjande tilværelsen skal kompenserast med friluftsliv med sykkel og fjellturar og å være vaktmeister i heimen og hagen. Han vil reise mykje og spesielt besøkje borneborn og familie. Hans store interesse  for fotball skal få meir tid, sjølv om kona synest det til tider vert nok og for mykje av det gode. Han har sjølv ei fortid i å spela fotball på Larsnes på 60-talet, og bedriftsfotball i KomKam i Ørsta på 80-talet.

Barnekor i kyrkja -8 Søndag 18.3.2012_1

Slik  kjenner vi Sokneprest Dyrhol og det er slik vi vil huske han i lag med borna.

Hjørundfjord Sokneråd ynskjer alle vel møtt til gudsteneste og kyrkjekaffi  søndag 28.april  kl. 16.00.

Hjørundfjord Sokneråd