Leiar Kari Årsnes opplyser at det er viktig at folket stiller. Sogelaget har vore gjennom ei nyregistrering og opptrer i år i ”ny” utgåve.

(I aktivitetskalenderen på portalen ser det ut som det er to arrangement på klubbhuset som kolliderer, men idrettslaget opplyser at dei baserer seg på uteaktivitetar, så dette er ikkje eit problem for nokon av arrangørane. )

Rune Hovde

Ordførar Rune Hovde kjem og får ordet i starten av opningssekvensen.

Men det er også eit noko anna opplegg enn vanleg. Det er heilt spesielt at vi får vitjing av ordføraren i Ørsta, Rune Hovde, og han slepp til i denne første seksjonen etter starten kl. 15. Før matøkta og sjølve årsmøtedelen, skal vi og få høyre Gunnar Ellingsen kåsere.

gunnar_ellingsen_20080607[1]

Gunnar Ellingsen skal kåsere.

Vi stikk ikkje under ein stol at omfanget og kvaliteten på Årsskriftserien "Frå Hjørundfjord" vert lagt merke til langt ut over eigne grender. ”Ingen over og ingen ved siden” skreiv bokmeldar Reidar Skarbø i ”Nytt i Uka” i fjor. I samband med dette årsmøtet og dei komande Hjørundfjorddagane, har John Urkegjerde teke på seg å lage ein montasje av alle årsskrifta. Denne skal presenterast på årsmøtet.

Bokhylla

Hjørundfjord Sogelag sitt flaggskip ”Frå Hjørundfjord” Årsskriftserien 1-34 skal blir vist fram i samla utgåve. Her ser vi berre ryggane, medan flittige hender jobbar med ein skikkeleg utstillingsvegg.

Etter ei god matykt kjem dei vanlege årsmøtesakene opp til handsaming. Det gjeld årsmelding, reknskap og dei ulike vala. 

Kari Årsnes og Elling Kvistad

Etter matøkta er det leiar Kari Årsnes og sekretær Elling Kvistad som skal lose forsamlinga gjennom dei vanlege årsmøtesakene.

Kari Årsnes vil og understreke at ho har ei overrasking for årsmøtet. Vidare vil leiaren orientere om ”nyskipinga” av Hjørundfjord Sogelag i årsmøtet. Ho opplyser at dette årsmøtet vil skilje seg ut frå dei tradisjonelle årsmøta og at det er svært viktig at det vert godt frammøte.