Det har vorte ein tradisjon -  i påskeveka opnar Margrethe og Bjarne dørene for enkeltgjestar, venelag og andre som ynskjer fingermat og ein god tre-rettars middag i trivelege omgjevnadar ved Rekkedal Gjestehus.


grindlode0061
Foto frå den trivelege grindaløda.

Margretha og Bjarne brukar vanlegvis å setje av onsdagen for skjærtorsdag til denne kvelden, men på grunn av stor interesse vil gjestehuset på Rekkedal også halde ope for "småbordsgjestar" på skjærtorsdag.  På den måten ynskjer vertskapet at alle som ynskjer det, skal få plass.

Til hjorundfjord.no seier Bjarne at det også i år er viktig at personar som har vunne/fått gåvekort nyttar seg av desse ein av desse to kveldane. 

Ynskjer du å tinge plass, eller vil ha meir informasjon, ta kontakt pr. tlf.  Telefonnummeret til Rekkedal Gjestehus er (+47)952 22679.  Du kan også bruke e-post:  rekkedal@online.no. 

Margrethe og Bjarne Rekkedal ynskjer alle velkomne, men ting i god tid og seinast laurdag før palmesøndag - det skal verte hyggelege kveldar for alle, difor må dei ha tid til førebuing.