Skattejakta har utvikla seg til å verte eit populært arrangement i Hjørundfjorden, og stadig fleire har vorte med i trimquizen. Opplegget i år følgjer same lest som tidlegare år.
Det vil seie at det vert konkurrert gruppevis. Det er minimum to personar på kvar gruppe, og inga gruppe kan ha meir enn seks vaksne personar. Det er start og mål ved klubbhuset, og ute i løypa vil folk finne seks postar, der det er spørsmål av ulik vanskegrad i tenkjelege og utenkjelege kategoriar. Vaksne er ein etter 10ande klasse.

 

God stemning frå tidlegare år:

folk_i_gruppearbeid_thumb

(foto: Rune Mo)


Som vanleg stiller sponsorane velvilleg opp for Sæbø IL, og det ventar flotte premiar. Det vert premiar til dei beste laga kvar dag, pluss deltakarpremiar. Hovudpremiane vert trekte mellom dei laga som deltek begge dagar. 

I år har vi premiar ifrå mange velvillige sponsorar, kan nevne ski, sykkel, hotell weekend i Trondheim, fleire gode måltid og ein gassgrill. Her vert det noko for ein kvar å vinne !

Litt om reglande: Alle formar for hjelpemiddel under tevlinga er forbode. Det vil seie oppslagsverk, aviser, mobiltelefonar og berbare pc-ar osb. Dette skal vere ei uhøgtideleg tevling, der trimmen, både den fysiske og for hjerna, er det viktigaste.

På klubbhuset vert det kiosksal med pølser, kake og kaffi og i gymsalen sel vi rømmegraut og pølser.

Fotballgruppa håper folk i hopetal støttar opp om arrangementet, og mottoet er som vanleg ut på tur, aldri sur !!

 

img_5569__large_

(foto: Knut Hustad)

 

Rebusen går langfredag : http://www.hjorundfjord.no/?komponent=aktivitetskalender&handling=vis&aktivitet=2091 og 1 påskedag http://www.hjorundfjord.no/?komponent=aktivitetskalender&handling=vis&aktivitet=2092

 Merk at premieutdelinga er på hotellet.

Fotballgruppa på Sæbø