I nyoppussa lokale i "Bankbygget"  opnar Sans Frisør AS i Volda salong på Sæbø. Eigar Ingvill Osvoll gler seg til nyopninga og fortel at salongen skal ha ope torsdagane, og dei vil rullere litt på kven som er der, og dersom behovet er stort nok, reiser det 2 frisørar frå salongen i Volda, slik alle skal få utført den tenesta dei ynskjer. Men for at dei skal kunne planlegge behovet, er dei avhengi av at folk tek kontakt og bestiller time på førehand.

-Eg har jobba på Sæbø for mange år sidan, då eg var lærling med Magnhild Hauge som då dreiv salong her. Når vi no fekk vite at her vart ledig lokale, fekk vi lyst å prøve dette på nytt igjen, slik det vart dreve i Magnhild si tid. Både eg og Magnhild Hauge likte oss godt på Sæbø.- fortel Ingvill

Huseigar har no pussa opp lokala, og vi har prøvd å lage den litt meir servicevennleg også for rullestol-brukarar, så vi håper vi kan gje god service til alle som har lyst å kome til oss.

Ved å legge til rette for rullestolbrukarar er sjølvsagt, og til stor fordel, når vi kan være til teneste for Hjørundfjordheimen. Alle er  sjølvsagt velkomne -avsluttar Ingvill


 Opningstider vil bli frå 0945 -1700.  -  Timetinging på telefon 70076849

mobil:41346442(kun torsdag er mobilen i bruk)


Frisørane ved Sans Frisør AS i Volda ynskjer gamle og nye kundar velkomne.

IMG_5181

Bak frå venstre: Karoline, Henriette, Annika, Mirsti Framme frå venstre: Katrin, Lisa, Elise og Ingvill


Den nye salongen på Sæbø

IMG_1188 IMG_1189
Salongen har plass til to frisørar  I lyse fine lokaler  kan kundane slappe av medan dei ventar.