Marie er ein dyktig og allsidig musikar som arbeider som organist i Ørsta kyrkje. Ved sidan av arbeidet i kyrkja har ho mange engasjement som frilanspianist og musikar i distriktet vårt. Ho blir mykje nytta som solist, akkompagnatør og musikar i ulike tilstellingar og ho meistrar fleire sjangrar. Ho har utdanninga si frå NLA Høgskulen i Staffeldtsgate, Musikkhøgskulen i Oslo og Universitetet i Oslo. På konserten får vi høyre henne både på flygel og kyrkjeorgel.

I tillegg til Marie får publikum høyre Alf Terje Aklestad på trompet og to gjestekor. I Hjørundfjord kyrkje kjem Volda Mannskor og i Ørsta kyrkje kjem Ervingen.

Vel møtt i Hjørundfjord kyrkje laurdag kl. 17:15 og i Ørsta kyrkje søndag kl. 18:00.