Jostein Koppen stiller tredje året på rad og lagar brennsnut på Sæbø bedehus. Styret for bedehuset synest at dette er eit flott arangemang både for bygdefolk og tilreisande i påska.

Vi heldt ope :

Onsdag 27.03  frå kl 16.00-20.00

Torsdag 28.03( skjærtorsdag)  frå kl 14.00-18.00 eller til panna er tom:)

CIMG9849

Gunnar Stokke og Magnar  Aklestad kosar seg og synest brennsnuten smakar heilt topp:)

Mange påskegjester tek middagen på bedehuset desse to dagane , to siste åra gjekk det med 50 l med brennsnut og i år satsar vi på 70 l.!!!

CIMG9850

Desse to damene prøver å ete om kapp!!.Smaka utuleg godt etter endt arbeidsdag . Petra Krøvel og Haldis Mo  kan anbefale brennsnuten på det "varmaste".

CIMG9851

Store og små kosar seg , treff kvarandre kanskje kun i påska.

CIMG0368 CIMG0366

Gode hjelparar både frå inn og utland stiller på dugnad. Her er Ingvild Åmbakk og Anette Brøker ( frå Tyskland) i full sving.

IMG_0677

Om ikkje akurat desse kaken vert å få kjøpe så verte det eit like stort kakebord og kaffi for dei som ikkje vil kjøpe brennsnut ,eller kanskje kjøpe begge deler:) Åshild Taklo med fleire stiller med flotte og gode kaker. Her er Rut Hustadnes og Oddveig Øygard med Sæbøs beste kaker.

ØNSKER EI GOD PÅSKE OG VELKOMEN TIL PÅSKEKAFE PÅ SÆBØ BEDEHUS.