I ein artikkel i ”Nytt i Uka” – ei gratisavis i Ålesund – har Torbjørn Urke gjennom meir enn ti år hatt ein fast artikkelserie ”Stjernehimmelen.”

I februar skreiv han om førstedagssola som kjem tidlegare enn før og brukar foto og skisser frå Urkebygda som illustrasjon. I neste veke er det vårjamndøgn, 21. mars, og i artikkelen viser Torbjørn korleis solstillinga kan variere på denne dagen gjennom hundreåret. Fleire burde få lese denne interessanne artikkelen!

Eg tillet meg å gjere nokre eigne refleksjonar om dette med sollyset og det at "sola kjem att".

 Tenerife mars 2013 062

Det er morgon den 13. mars kl.08.36. Sola lyser opp austsida av fjella og landskapet under dersom ho slepp til. Morgonsola skin over Stenes, Maude og utover Urkebygda mot Leknes. På andre sida av fjorden er det berre Sæbøneset ho rekk tak i.  Øye- og Norangsgardane ligg heilt i framgrunnen. Øyeelva har tina ei råk utgjennom fjordisen.  Fjella Konehornet, Stålberghornet (t.v.) og Saksa (t.h.) markerer seg, medan Leknesnakken, 526 moh., ser så liten ut mellom nabofjella. (Klikk på biletet så ser du det i større utgåve!)

 

Vi følgjer alle meir eller mindre med korleis det artar seg utover vinteren når dagane blir lengre og sollyset overtek etter den mørkare tida. I kvar bygd veit vi gjerne når det er førstedagssol – viss vi ikkje bur slik til at vi ser sola heile året.  På Urke følgde vi med når sola ”kom igjen”, som vi sa. Ute i Grøtet – stranda mellom Urke og Leknes – vart snøen alltid først borte fordi det låg i rett vinkel mot solstrålane som varma og i tillegg låg Grøtet i le for nordavinden. Og dette er grunnlaget for ein viltveksande eikeskog og sjeldne, freda planter som vi knappast vågar å nemne.

For gartneria på Urke, mellom dei første i vårt fylket, var det solsideplasseringa (vende mot sola), levirkninga for kald vind frå nord og lysrefleksen frå fjorden som var hovudgrunnlaget for å få til tidleg tomatproduksjon. Under blomstringa er tomatane avhengig av rett temperatur og luftfuktigheit. Men berre dersom det er nok lys, opnar støvberarane seg og slepp frå seg blomsterstøvet som må treffe arret. Berre når denne prosessen skjer, utviklar planten store tomatar med frø. Viss denne bestøvinga ikkje skjer på dei lysaste timane desse dagane, vert det berre småtomat. I gråversbolkar i denne viktige perioden kunne ein misse tomatproduksjonen på dei nedste og tidlegaste klasane.

Gartnarane måtte vite om dette og ta mange  grep for å ”hjelpe” sollyset: Fjerne tre som laga skugge for refleksen frå fjorden og kanskje legge opp ein kvit snøbarde på nordsida av drivhuset som kunne reflektere sollys inn gjennom glasa på baksida av drivhuset.

Eg har valt å illustrere desse refleksjonane mine omkring sollyset med eit foto frå onsdag, 13. mars  kl. 08.36. Før vi gjekk om bord i morgonflyet frå Oslo, fekk eg melding frå son min om å leite opp kameraet for på Sunnmøre viste veret seg frå si beste side. Og som lesarane ser, har  morgonsola har alt fått eit fast grep på solsida av Norangsfjorden, frå Maude, utover Urkebygda og Grøtet. På andre sida ser vi at Sæbøneset får låne nokre strålar, medan Bondalen har skugge. Fjordisen ligg der i skuggen og tinar sakte. Eg veit at mange håper at han skal bråne før austavinden kjem og isen tek laust og gjer skade på småbåtkaia på Urke og andre utsette installasjonar utover i fjorden.

Tenerife mars 2013 063

Dette fotoet gir betre oversyn vestover ut mot havet og horisonten.

 

Tenerife mars 2013 071

Og her ser vi Bondalen i bakgrunnen t.v. og Standal t.h. Midt i biletet i framgrunn ser vi Elsandalen med Rynningen t.h. for dei kvasse Elsantindane. Maradalen med Kjempegarden (ikkje synleg) ligg i skuggent.v. i framgrunnen.