Vi er ikkje vande med brotfiske, men kanskje er det fjordisen som er grunnen til at fisken innfinn seg denne vinteren.

Far Senator

Ein skikkeleg stasbåt har  skipper/kaptein Kåre Jon Berg fått seg. I dag låg han på Urkebukta nokre timar. Kan det vere seien som lokkar eller var det noko meir attraktivt oppe i Haslen?

Erling Berg held seg til garn, men om det er tyngre redskap sonen Kåre Jon Berg, kaptein/skipper på "Far Senator" brukte i dag då han låg ute på Urkebukta, skal vere usagt.

I alle fall har han fått seg ein flott båt som kan brukast til meir enn å fiske sei, torsk og lange. Hyggeleg at du Kåre Jon tok turen innover i dag og viste fram nyebåten. Og kanskje får vi sjå deg oftare viss det vert Nordsjøen som vert ny oppdragsområde - i motsetning til sokkelen utanfor Brasil.