Fredag 15. mars klokka 1000 opnar Strands bakeri dørene til både butikk og kafe.

014 copy
Fredag 15. mars klokka 1000 er Kanutte (Nutte) Strand klar med ferske bakarvarer

Påska kjem tidleg i år og dermed vert det tidleg opning av påskesesongen hos Strands bakeri på Sæbø.  Bakar Dagfinn (Daffa) er klar med dei gode og ferske varene som vi no kjenner så godt.

I butikken vil både fastbuande og påskegjerstar få kjøpt både brød og rundstykker og av alt det andre som er i disken.  Nutte bak disken serverer også som vanleg av den gode maten - med kaffi til - om du ynskjer ei pause i kafeen.

Opningstidene vert kvardagar frå klokka 10 - 17, laurdagar, inkl. påskeaftan, er opningstida frå klokka 10 - 15.

Bakeriet/kafeen vil også ha ope skjærtorsdag, langfredag og 1. og 2. påskedag.  Opningstidene desse dagane vert frå klokka 10 til 17.

Alle er velkomne.