Damene i koret hevdar å ha funne ein særs god blanding av det stille sakrale  og det jublande glade.  Alt godt tilpassa dei vakre kyrkjeroma som konsertane blir haldne i.

Damene har nytta hausten til å øve inn sitt nye repertoar og dei har tatt utfordringa med å lære tekstar på språka til landa der songane kjem i frå. Frå før av har dei vist at dei meistrar både islandsk og ugandisk.  No framfører dei også songar med tekst på kreolfransk og indiansk.  Sjølvsagt i tradisjonell sjarmerande stil.

Koret har invitert med seg fleire gjestar. I Hjørundfjord kyrkje får ein høve til å møte varme tonar frå Volda Mannskor og i Ørsta kyrkje vil Ervingen hjelpe oss å skape den gode stemninga. I tillegg byr Marie Austrheim på vakre pianotonar medan Alf Terje Aklestad lokkar fram sølvfargen med trompeten sin.

Vel møtt til konsert i Hjørundfjord kyrkje laurdag kl 17:15 og i Ørsta kyrkje søndag kl. 18:00. Billettsal i døra startar ein halv time før.

 Closer walk 2

Bildet er frå fjorårets kabaretsuksess. Fotograf: Gaute Hareide