Laurdags føremiddag var det 8 spente 4 åringar som møtte opp i kyrkja. der vart dei møtt av prest Rolf Dyrhol, som tok ungane med på ei spennande omvisning i kyrkja. Den i våpenhuset, så fekk ungane sjå og høyre historia om den gamle bibelen frå kyrkja på Hustad. Neste stopp var ved altarringen, så gjekk turen vidare til preikestolen der alle ungane fekk kome opp og presten løfta dei opp slik at dei fekk sjå utover kyrkjelyden( oss foreldre), så fekk dei høyre om dei ulike kyrkjefargane og prøve stolaen i den fargen som dei ynskte. Så sette vi oss i benkane og øvde på ein song som vi skulle synge under gudstenesta. Kjempe flinke ungar som lærte både tekst og rørsler, ein kunne fortelje at dinna songen brukte mammaen og synge.
Så gjekk turen opp på galleriet, og på bakrommet fekk dei sjå ei gammal kyrkjeklokke, og holeti taket som tauet gjekk gjennom då klokkeren måtte drage i kyrkjeklokke. Ikkje slik som i dag der ein trykkjer på ein knapp. Så kom organist Marie Austreheim og viste ungane kyrkjeorgelet, det var litt høg lyd så det var mange som måtte halde seg litt for øyrene. Men når ungane sjølv fekk prøve, var ikkje høg lyd noko problem. Presten konkluderte at det er gode moglegheiter for rekruttering for organistar. Turen i kyrkja vart avslutta med lystenning i lysgloben, noko som ungane skulle hjelpe til med under gudstjeneste. Eg tenkte med meg sjølv at no var presten vel modig, men det gjekk bra både laurdagen og søndagen.
Så var dagen komen for gudstjeneste og utdeling av 4- års boka. Ungane var klar og kunne tenkt seg å gå fram og ta imot med ein gong. Torine gav klar beskjed om at ho måtte sitte framme for ho skulle få 4-års bok. Gudstjeneste var lagt opp med mykje sang, kjente songar som mange av barna( og oss vaksne) kunne godt. Dei høyrer kanskje til blandet det som på folkemunne vert kalla for den kristne barnetrua. 4- åringane fekk kome fram og stå som eit kor når vi sang dei fyrste songane. Dei starta så fint, og alle stod på rekke, men etter kvart var det mykje spennande å sjå på både ved og bak alter ringen. Så etter kvart vart det tynt i kor rekka og ungane fekk gå ned att og sette seg. Tema for andakta i dag var skatt, og det var lagt opp til skattejakt. Klokkaren hadde kledd seg ut som sjørøvar og ilag med presten og ungane fann dei skatten som var gøymt oppe på preikestolen. Den bestod av ulike figurar av Jesus, frå Jesusbarnet i krybba, til Jesus med tornekransen på hovudet, Jesus på korset og den oppstandne Jesus.
Så var det endelig utdeling av 4- års boka, den eine var ivrigare enn den andre og sprang fort fram for å ta imot boka si. Og stoltheita lyste av augene deira der dei sprang likefort ned att for å vise fram den flotte boka som dei fekk.
Takk til prest Rolf Dyrhol og dei kjekke 4 åringane, Torine, Ingrid, Mariell, Vilde, Elias, Reidar, Peder, Iver og Tore Andre for ei fin helg i kyrkja.
Dette er en prøve, første gang eg prøver å laste opp mobilbileter og bruke iPad samstundes. Dermed er bileta i litt varierande rekkjefølgje og størrelsar.
Kommentarar