Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Skifjellet voldingane nærast får tårer i augo av å snakke om, er Eidskyrkja/Kyrkjefjellet.  Dette fjellet er med sine 1482 meter også det høgste fjellet i Volda kommune.  Men lenger vest ligg det meir anonyme fjellet Matøskja. Likevel er Matøskja er både vakrare, og utsikta frå toppen er betre enn det ho er frå Eidskyrkja.  Så er du interessert i toppturar på ski og kjem frå ein nokonlunde danna-  og møblert heim, må også ta turen til Matsøskja.

kart matøskja Rute Matøskja
Kartutsnitt.  Ruta frå vestsida av Høydalen er teikna inn med raud strek. Her er ruta vi gjekk, teikna inn med raud strek.  Arkivfoto:  Fred Ingar Somby.

Med sine 1332 m er Matøskja eit heller høgt fjell, men normalruta til topps, som går frå den øvste garden i Høydalen, er på heile sju kilometer.  Difor vert oppstigninga/ nedkøyringa heller slakk og når du i tillegg må gå ca. 50 høgdemeter nedover før du kan ta til med toppstøyten, seier det seg sjølv at du vel ein annan topp når køyreforholda på ski er på sitt beste.  Men har du sans for ein liten ekspedisjon i godt lag ein vinterdag, ja, då er Matøskja absolutt noko å satse på.

Matøskja 004 Matøskja 009 copy
Det er lite snø i fjellet no i februar På veg mot Grøndalsvatnet, sjå kartutsnitt

Det er ikkje så vanskeleg å finne fram, men det er klokt å ta med eit kart, eller ein slik GPS-greie.  Køyr til vegs ende, opp  til den øvste garden på vestsida av Høydalen.  Har du parkert og ser oppover, skal du bort til dalsøkket opp til venstre. Kanskje kan det vere klokt å gå etter den ca. 2 km lange ubrøyta vegen vidare oppover om det er lite snø.

Etter kvart kjem du opp til eit vatn, Grøndalsvatnet.  Er isen trygg, gjer du som vi gjorde - kryssar isen med godt samvit.  Deretter går du vidare i same retning  til du kjem opp på ryggen, bryt så av til venstre og gå  oppover  dalen mellom Blåfjellet og Harpehornet, dalen som lignar på ein stor half-pipe.

IMGP0253bb
Etter at Grøndalsvatnet er kryssa og du har teke til venstre etter å ha nått
ryggen,
opnar utsikta seg mot Voldsfjorden og Volda.
Matøskja 013 copy
Dalen mellom Blåfjellet og Harpehornet minner om ein stor Half-pipe.

Etter at "half-pipen" er passert, opnar terrenget seg - og her fekk vi endeleg litt laussnø,  i ca. 1100 meters høgde.  Vi såg no fjella Eggene opp-  og bort til venstre og gjekk dit, men vil du gå kortaste vegen til Matøskja går du berre slakt opp- og rett framover etter denne "half-pipen".  Etter kvart ser du Matsøkja rett imot.  Minuset er at du må gå ca. 50 høgdemeter nedover før du, som nemnt, kan ta til med toppstøyten.

Matøskja 019 copy Matøskja 022 copy
Jakob N. Hustad har passert Eggene på 1288 m, bak til høgre. Før du kan ta til med toppstøyten på Matøskja, til venstre, må du ca. 50 høgdemeter nedover.

Som du ser av fotoa går turen til Matøskja gjennom vekslande terreng og landskap.  Du må sjølv bestemme om du vil setje att skine rett under toppen, men er føret bra er det uproblematisk å ta dei med til topps, men det er klokt å feste dei til sekken først.

Matøskja 024 copy
Med eller utan ski til topps?  Valet er ditt.
Matøskja 029 copy
Utsikta frå toppen av Matøskja er framifrå.  Her ser vi ut Voldsfjorden og
vidare mot
havet.  Eit toppturfoto høyrer også med. Frå venstre:  Fred Ingar
Somby, Jakob N.
Hustad og underskrivne Knut Hustad.

Det er altså svært lite snø i fjellet og kanskje er det mindre i Matøskjaområdet enn lenger inne i landet?  Likevel må det seiast at vi også fekk ein fin tur nedover mot utgangspunktet igjen.  Turen frå Grøndalsvatnet og ned dalen - Skibrekkdalen? - til vegen var kort og godt triveleg - og betre vil han bli med noko meir snø på toppen.

Men på veg ned var vi sjølvsagt ein avstikkar bortom Harpehornet.  (Men ned herifrå vart det nok ein del striper under skina p.g.a. stor stein og lite snø)

Matøskja 042 copy IMGP0284b
Fred Ingar angra ikkje på at han tok med ski
heilt
til topps på Matøskja.
Men det er aldri populært å bere ski oppover når ein eigentleg skal renne nedover.
Matøskja 048 copy
Lite snø, men ein tur bortom Harpehornet høyrer  likevel med.  Her ser vi
Volda i
bakgrunnen. 

IMGP0298b Matøskja 058 copy
Jakob på veg nedover.  Voldsfjorden i bakgrunnen Snipp snapp snute så var eventyret ute...

Takk for turen og stor takk til Anne og Trond Ryslett fordi vi fekk lov til å parkere bilane i tunet deira.