Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Isfiske 007 copy
Steinar Nordang med storfisk på kroken.

På Nordang har dei gode sparkar, men Steinar Nordang er dårleg utrusta med broddar.  Difor tok det si tid før han og kona Tove og dei to barnebarna Tobias og Mathias var på plass ved det beste fiskeholet ute i Norangsfjorden.  Men først ut vart dei likevel  - dei ligg nemleg ikkje lenge i senga i Larsgarden i Norangsdalen om morgonen.

Kulderekordane finn du andre stadar i kommunen enn i bygdene rundt Norangsfjorden, men i denne siste kuldeperioden har gradestokken falle under 10 grader minus både på Øye og Nordang.  Grunnen er fjordisen som no har lagt seg godt utom Stenesrevet.  Og sist laurdag var isen trygg og tjukk – rundt 25 cm.  Dermed kledde folk frå turistfjorden og turistdalen seg godt og sparka seg eit par kilometer utover med øks, fiskeutstyr og god mat og drikke i sekken. Det var tid for isfiske.   Det vart ei triveleg økt – og sjølvsagt fisk av ulike slag.  Men dei største fiskane greidde å riste seg av kroken…

1
Brørne Tobias og Mathias(bak) set stor pris på å få vere med morfar Steinar og mormor Tove på fisketur.

Steinar Nordang hadde ikkje fiska lenge før ein skikkeleg holsar beit på kroken.  Etter fleire minutts kamp med beistet under fjordisen var ikkje fiskaren i tvil: - Dette er ei kveite, men mest truleg ein torsk på rundt 20 kilo.  Så vart sena med eitt slakk.  Jau, det vart nokre sukk, men storfiskaren heldt maska overraskande godt – truleg fordi han meinte at holet same kva var for lite for slik ein svært fisk.  Etterpå fekk vi også forklaringa på kvifor det kom bobler opp gjennom fiskeholet: - Det er storfisken som er så sliten at han må teve etter kampen med meg.

3

- Er det fisk  der nede?  Fiskar og kleppar Steinar Nordang undrar på kva Jane Hustad har på kroken.

Så var det Jane Hustad sin tur.  Ca. 15 cm av ein fin torsk kom opp gjennom hennar hol før han slapp taket i kroken og  gleid roleg ned att mot  havets botn.  Glosene frå fiskaren vart nok hardare her og fiskestanga vart kylt etter fisken. Trøysta får vere at stanga vart berga.  Men litt lenger borte sat Sivert på sparken.  Utan dei store seremoniane var det han som fekk den første torsken for dagen. Etter kvart var både sei – mager i fylgje Steinar – berggylte, bleik og eit par småtorskar landa.

54
Foto t.v.: Margrete Fivelstad spanderte både kaffi og anna frå ein velfylt ryggsekk.
Foto t.h.:  Men det var Sivert som fekk den første torsken.

Men likevel er det ikkje sjølve fiskeriet som nødvendigvis er det viktigaste på ein slik dag.  Margrete Fivelstad hadde med seg både dotter og son og ein velfylt ryggsekk med minst to termosar, ei stor matboks, eit par skeiser og sikker mykje anna, men ikkje fiskeutstyr.  – Eg har kome hit for å ha ei hyggeleg stund saman med hyggeleg folk,  var hennar klare melding.  Og denne skrivaren takka sjølvsagt ikkje nei til tilbodet om ein kopp kaffi og ei krydderkake frå Tove si matboks.  Og etter det ein kunne høyre var det ingen av dei seks borna som masa om å få ta turen til land igjen.

2 6
Foto t.v.:  Rein glede for desse fire å vere på fjorden.  Frå venstre:  Tove Nordang, Andrea Øye Pedersen,  Anne Birgitte Åsen og Einar Arve Nordang.
Foto t.h.:  - Stor fisk?   Det ser ut som om far Steinar tvilar på at son Einar Arve har slikt noko på kroken. Til venstre ser vi Andrea og Mathias.

Isfiske 037_edited-1

Arthur har funne seg ei god fiskestilling.