Samla budsjett for planen har ei ramme på 42.000 kr; 21.000 kr. i støtte og resten som eigeninnsats. Skilt og informasjonstavler skal vere på plass til sommaren.

Grendalaget har hatt eit samarbeid med Ålesund og Sunnmøre Turistforening i utviklinga av planen. Dette inneber at ÅST skal syte for skilta frå Urke til Patchell-hytta og Slogen, medan grendalaget skal merke til fjella Saksa og Råna. Men det er ikkje berre dei mest fjellvande som skal inviterast til fysisk aktivitet og naturopplevingar. Opplegget omfattar to trimturar framover Urkedalen og Langseterdalen. Samarbeidet med ÅST har  gitt økonomi til å kunne merke kortare turar i bygdenære omgivnader.

 

Infotavle 002

Denne informasjonstavla gir bakgrunnsopplysningar for turen frå Brua-parken til Saksa. Dei andre fjelltur-tavlene brukar same mal. Trimtur-tavlene har kart som illustrasjon medan bygdevandringstavlene har innteikna turvegane på ei luftfoto av bygda.

 

Retningsskilta er omtala tidlegare, men i dag kan vi melde at også dei seks orienteringstavlene er leverte og ventar berre på at sesongen står for døra.

Informasjonstavlene orienterer om kvart enkelt turopplegg. Tavlene er illustrerte med foto med innteikna turruter. Tavlene for trimturane er illustrerte med kart. Tekstene er både på norsk, engelsk og tysk. Tavlene og retningsskilta er produserte i stoff som skal vare i minimum 20 år. 

Tavlene har A3-format – noko som er akseptabelt som veggmontering med prosjektørlys. Ute i naturen ville ein måtte ha større tavler. Urke Grendalag synest at ein har fått mykje for pengane. Ved å syte for eigenprodusert tekst, lay-out og presentere tavlene klar til trykking, ga ei innsparing på om lag 12.000 kr. På denne måten har ein fått 14 retningsskilt og 6 orienteringstavler til ein samla kostnad på 21.000 kr., medrekna fundamentering og rundstokk.

Bygdevandring

Retningsskilta - 14 i talet + 5 som Ålesund og Sunnmøre Turistforening har kjøpt - skal vise veg til fjellturar, trimturar og orientering i nærmiljøet/bygdevandring. Her er fire bygdevandringsskilt som skal plasserast i Korsvegen.

Informasjonstavlene skal monterast i informasjonsbua på Brua-parken som er utgangspunkt for retningsskilta. Ein kopi av tavla for bygdevandring skal monterast på kaia med tanke på passasjerar frå hurtigruta og andre som har dette utgangspunktet. Det er firmaet Utmarksressurs AS som er produsent av både skilta og informasjonstavlene. Når det gjeld bygdevandringa, er det behov for ei brosjyre som kan stikkast i lomma, men dette fell utanom den planen som er utvikla.